Hopp til innhold

Uvêr og stengde fjellovergangar

Om du skal ut på vegen kan det vere lurt å få ei oversikt over stengde vegar. Uvêr har nemleg ført at køyreforholda er vanskelege.

Hemsedalsfjellet

STENGD: Riksveg 52 over Hemsedal tysdag føremiddag.

Foto: Statens vegvesen

Kraftig vind og mykje nedbør har prega vestlandet det siste døgnet. Det kan skape problem for dei som skal køyre mellom vest og aust.

– Dei som skal over fjellet i dag bør pense seg inn på Filefjell, seier Jan Erikstad hos vegtrafikksentralen i Lærdal.

E6

Dovre: E6 over Dovrefjell er også stengd.

Foto: Statens vegvesen

Tysdag kveld kunne Vegvesenet melde at det var tre kuldegrader, redusert sikt og snø- og isdekke på vegbana på Europaveg 16 over Filefjell. For mange vil det likevel vere det einaste alternativet.

– Det er veldig gode lys over Filefjell, så det skal gå greitt å køyre over der, seier Erikstad.

Fleire stengde fjellovergangar

Allereie nyttårsaftan vart fleire av fjellovergangane stengde. Erikstad trur ikkje dei opnar med det første.

– Det er meldt vind frå nordvest ei god stund framover, og så lenge det kjem nedbør så blir det litt leit føre.

Vikafjellet ved Hestavollen

VIKAFJELLET: Riksveg 13, ved Hestavollen.

Foto: Statens vegvesen / NRK

Nokre av fjellovergangane har kolonnekøyring, men Erikstad seier at spesielt Hemsedalsfjellet kan bli stengd på kort varsel.

Her er status for fjellovergangar i Sør-Noreg onsdag kl. 07:57

  • E 6 Dovrefjell – ope
  • E 134 Haukelifjell – ope
  • Rv. 3 Kvikne – ope
  • Rv. 7 Hardangervidda – ope
  • Rv. 9 Hovden-Haukeli – ope
  • Rv. 13 Vikafjellet – ope
  • Rv. 15 Strynefjellet – stengt. Rasfare og uvêr. Ny vurdering klokka 9.
  • Fv. 27 Venabygdsfjellet – ope
  • Fv. 50 Aurland-Hol – ope
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet – ope
  • Fv. 53 Tyin-Årdal – stengt
  • Fv. 705 Stuggudal-Brekken – stengt

Sjå oversikt hos Statens vegvesen.

Ein vindfull start på 2019

Det ruskete vêret kom ikkje som noko overrasking. Tidleg nyttårsaftan sa meteorologane at det ikkje kom til å bli ein lovande start på det nye året, vêrmessig.

– Det blei akkurat som vi trudde – nordvestleg, kraftig vind, seier vakthavande meteorolog i Bergen, Geir Ottar Fagerlid.

Og vinden gir seg ikkje med det første.

– Det skal blåse kraftig lenge, men til kvelden skal det roe seg litt. I morgon skal det vere betre, seier meteorologen.

Laster Twitter-innhold