Hopp til innhold

Fleire var sjukmelde

Sjukefråværet i Sogn og Fjordane gjekk opp i fjerde kvartal i fjor. Det enda på 5,1 prosent, mot 4,8 på same tida i 2016. Sjukefråværet er høgast innan helse- og sosialtenester med 7,1 prosent. Men trass auken i det legemelde sjukefråværet, er Sogn og Fjordane framleis mellom fylka med lågast fråvær.