Hopp til innhold

Stadig fleire unge blir pressa til sex

Stadig fleire unge blir pressa med på seksuell aktivitet som dei seinare angrar på. Det viser ein ny helsestudie blant ungdom.

Video OVERGREP-081010-SF1840MPEG-4_SF.mp4

Mange unge opplever uønska sex, ifølgje ny studie.

Hans Johan Breidablik

Hans Johan Breidablik

Foto: Arne Stubhaug / NRK
Grete Dyb

Grete Dyb ved Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg trur det har blitt mykje verre enn det var før, seier elev Natalie Glavæar ved Øyrane vidaregåande skule i Førde.

Og ho har heilt rett. For ei undersøking presentert i Tidsskrift for Den norske legeforening viser at fleire og fleire unge vert pressa til å vere med på seksuelle handlingar dei angrar på.

Fleire slit psykisk

Hans Johan Breidablik, lege og forskar i Helse Førde, har forska på ungdom si helse i over tolv år, og han ser at dei seksuelle overgrepa blant ungdom oftast skjer av andre på same alder.

Undersøkinga er gjort blant nær 900 ungdomar i Førde. Breidablik fortel at studien viser at dei som opplever uønska sex oftare enn andre slit psykisk.

– Det er alvorleg når dette bidrar til at ungdommen får plagar seinare i livet, seier Breidablik.

– Vi må gjere noko

Fagfolk er svært uroa og meiner dei unge må få meir hjelp til seksuell grensesetting. Ei av dei er Grete Dyb ved Nasjonalt kunnskapssenter om
vold og traumatisk stress (NKVTS).

– Vi er nøydde til å gjere noko når unge menneske mistar totalt respekten for kvarandre i berusa tilstand, seier ho.

– Norge er svært dårleg på førebygging av desse problema i ungdomspopulasjonane, og skulane har ingen gode program for lære opp ungdommen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Evy Alette Grane (t.v) og Natalie Glavæar (t.h)

ETTERLYSER FORELDRA: Evy Alette Grane (til venstre) og Natalie Glavæar (til høgre) meiner foreldra bør komme meir på bana.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ungdomen vil ha foreldra på bana

Ungdommane ved den vidaregåande skulen i Førde meiner det ikkje er slik det skal vere.

– Eg trur vennepress og gruppepress har mykje av skulda. Ein får jo mindre dømmekraft i berusa tilstand, og då kan ting skje, seier Evy Alette Grane til NRK.

Ungdommane trur at foreldra bør komme meir på bana.

– Foreldra burde snakke med ungane sine og fortelle meir slik at ungdommane blir sterkare og flinkare slik at ein skal klare å seie nei, seier Natalie Glavæar.