Tal frå Medisinsk fødselsregister i Bergen viser at det i 2010 vart registrert 56 svangerskapsavbrot i gruppa med jenter som er 19 år og yngre.
Det utgjer 14,4 abortar per 1000 kvinner i aldersgruppa, skriv avisa Firda. Til samanlikning ligg nabofylka Møre og Romsdal og Hordaland på høvesvis 12,3 og 13,4 abortar per 1000 kvinner.
I 2006 var talet abortar i Sogn og Fjordane 39 for aldersgruppa 19 og yngre.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Elevar ved Hafstad Vidaregåande skule i Førde seier til avisa at unge jenter fryktar graviditet, meir enn dei fryktar kjønnssjukdomar. Årsaka til dette er ifølgje dei unge jentene at sjukdomane kan kurerast, medan ein graviditet er meir komplisert, skriv Firda.
Tal frå Folkehelseinstituttet syner at det var 358 tilfelle av klamydia i Sogn og Fjordane i fjor. Det er mindre enn i 2008, då talet var 433.