NRK Meny
Normal

Fleire tusen kubikk kom ned – mykje ligg att

GUDVANGEN (NRK): No er eit helikopter i gang med å spyle ned lause steinmassar i fjellet. 3000 liter vatn blir sleppt ned på kvar tur i fjellsida.

No er eit helikopter i gang med å spyle ned lause steinmassar i fjellet. 3000 liter vatn blir sleppt ned på kvar tur i fjellsida.

FLEIRE TIMAR: Helikopteret vil truleg spyle i fjellsida i tre-fire timar i ettermiddag.

Espen Eidsvåg

IKKJE TRYGT: Geolog Espen Eidsvåg skal i ettermiddag opp i helikopter for å sjå korleis det ser ut etter spylinga.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Arbeidet vil truleg ta tre–fire timar i ettermiddag. For fleire hundre kubikkmeter med lausmassar ligg igjen over rasstaden i Gudvangen.

– Dermed er det fare for at det kan gå fleire ras, seier geolog Espen Eidsvåg.

Tysdag ettermiddag kom eit stort steinskred nedover fjellsida like vest for Gudvangen. E16 mellom Gudvangen og Voss er no stengd. Dette er på hovudvegen mellom Oslo og Bergen.

Mange av steinane blei knuste på veg nedover medan andre hamna på europavegen.

– Nokre er på storleik med små hytter, seier geologen.

– Vi ser at det har losna eit bergparti på fleire tusen kubikkmeter frå 600 meters høgde. Det har gått utover ei ur med stein og landa på vegen. Det ligg att lause massar som vi er usikre på om vil rase ut, seier geolog Espen Eidsvåg som er i området på oppdrag frå Statens vegvesen.

Espen Eidsvåg

FØLGJER MED: Geolog Espen Eidsvåg gir beskjed til helikopteret om kvar dei skal sleppa vatnet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Veit ikkje omfanget

Årsaka til steinskredet er truleg det kraftige regnvêret som har vore i det siste.

Eit helikopter frå Værnes har no kome til staden. Det er førebels uvisst kor omfattande dette arbeidet blir.

– Det er vanskeleg å seie, men det ser vi nok undervegs når vi startar å spyle. Vi finn ut om det losnar lett eller om det må mykje vatn til, seier han.

Arbeidet med spyling vil ta mange timar, for det er fleire hundre kubikk som ligg att opp i fjellet.

– Det er vesentleg mindre enn det som kom ned i går, men det er enno store parti som kan komme ned på vegen. Vi kan ikkje starte oppryddingsarbeid før alt er nede.

Foto: Ole Martin Gilbu

HER GÅR RASET: Det var dramatisk då dei stoppa bilane. Foto: Ole Martin Gilbu

Store skader

Allereie tysdag kveld fekk Statens vegvesen geolog til staden for å undersøke området. Espen Eidsvåg skal opp igjen i helikopter i ettermiddag når spylinga er ferdig.

– Vi skal vurdere stabiliteten på det som er av steinmassar, om det vil komme ned i nær framtid eller om det trygt nok til at arbeidet med å reparere vegen kan starte.

Rundt 300 meter av vegbana er råka og det er ein del skader på vegbana. Det vil ta fleire dagar før vegen kan opne. Stå steinblokkene er så store at dei må bli sprengast før dei kan fjernast.

E16 mellom Gudvangen og Voss er stengd av eit steinras. Foto: NRK-tipsar

HAMNA MIDT I: Denne NRK-tipsaren hamna midt i raset.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.