Hopp til innhold

Fleire tunnelar kan få naudnett på statens rekning

Ein samrøystes transportkomite på Stortinget går inn for at kriteria for naudnett blir endra, slik at også kortare og mindre trafikkerte tunnelar kan bli rusta opp.

Tunnelar

NAUDNETT: Fleire tunnar kan få utbygd naudnett på staten si rekning.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Med rundt 1000 vegtunnelar i Norge har mange vore opptekne av moglegheitene for at naudetatane skal kunne kommunisere også her med det nye naudnettet.

Men langt frå alle tunnelar får utbygd naudnett. Sogn og Fjordane er blant fylka med aller flest tunnelar, og politikarane her har stått saman om kravet om å få endra reglane.

Trude Brosvik

VIKTIG: Trude Brosvik, fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF, seier transportkomiteen sin merknad er svært viktig.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ifølgje KrF sin representant i transportkomiteen, Hans Fredrik Grøvan, har dei gått inn for ein gjennomgang av krava etter innspel frå Krf sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Trude Brosvik.

Sjølv er ho stolt og glad over å ha nådd fram med kravet.

I Sogn og Fjordane har vi vore misnøgde med at naudnettet ikkje blir bygd ut i mange av våre tunnelar, fordi kravet som er sett til trafikk er sett så høgt. Å få denne beskjeden er veldig hyggeleg, seier Brosvik.

Berre vel 300 får naudnett

Av vel 1000 tunnelar i landet skal rundt 300 av dei få naudnett. Det er i utgangspunktet tunnelar over 500 meter med årsdøgntrafikk over 5000 som får utbygd det nye sambandet.

Sogn og Fjordane er saman med Hordaland fylka med aller flest tunnelar i Norge. Men mange av dei er ikkje lange nok og har ikkje stor nok trafikk til at dei oppfyller krava som er sette.

I Sogn og Fjordane har fleire brannsjefar gitt uttrykk for stor uro.

Betalte naudnettet sjølve

Blant tunnelane i Sogn og Fjordane som eigentleg ikkje skulle få naudnett var den nær åtte kilometer lange Høyangertunnelen på fylkesveg 55 mellom Høyanger og Balestrand.

Etter sterkt press gjekk fylkespolitikarane i haust til slutt inn for å sjølve betale for utbygging av naudnettet.

Jenny Følling, som då var fylkesvaraordførar, sa at dei ville bruke Høyangertunnelen som ei brekkstong for å endre tunnelforskrifta.

– Eit viktig steg framover

No har altså kravet frå politikarane i tunnelfylket nådd fram.

– Komiteen ber om ein gjennomgang av krava for utbygging, både når det gjeld lengde og årsdøgntrafikk, slik at naudnettet kan installerast også i kortare tunnelar, seier Trude Brosvik.

Kor lang tid ein vil bruke på ei slik vurdering, og kor tid ein eventuelt vil sjå resultat av dette, torer ikkje Brosvik å svare på. Ho er likevel klar på at dette er ein stor siger for dei som jobbar for tryggleiken langs vegane.

– Dette er eit viktig steg framover. Om staten til dømes legg lista for årsdøgntrafikk lågare, vil fleire tunnelar få utbygd naudnett der staten er med på finansieringa. Dette er kjempeviktig for alle som ferdast i tunnelar.