Hopp til innhold

Fleire trailerar fekk problem på E39 i Instefjorden

Fleire trailerar stod fast på E39 mellom Oppedal og Romarheim søndag kveld. Bilistar stod i kø i meir enn ein time.

Kringla

Politiet kom til staden i 21.30-tida og fekk løyst problema etter at fleire trailerar hadde problem i den bratte oppstigninga på E39 i Instefjorden og opp mot Kringla på veg mot Romarheim.

Vegen var ein periode stengt for tyngre køyretøy.

I følgje tips var det store problem for brøytebilen å komme fram, og det skal ha vore rundt 10 cm snø på staden.

Mannskapet ombord å ferja mellom Lavik og Oppedal måtte instruere bilistane på ferja om å ikkje køyre opp stigninga før dei såg at det kom trafikk motsett veg.

Laster Twitter-innhold