NRK Meny
Normal

Fleire trafikkuhell på glatte vegar

Snøfallet gir utfordrande køyreforhold i fylket. I ettermiddag har det vore fleire trafikkuhell. – Køyr varsamt er oppmodinga frå Statens vegvesen.

Utforkøyring Sande

SANDE: Denne bilen køyrde av E39 ved Sande i Gaular.

Foto: Rune Fossum / NRK

Like over klokka 18 fekk politiet melding om ein bil som har køyrt av vegen på E39, like sør for Årdal i Jølster.

Det var fem personar i bilen. Helse Førde opplyser at samtlege vart dimmitert etter ein sjekk på staden.

Like før snurra ein bil rundt på glatta ved Tuftåstunnelen i Lærdal. Det var to personar, men ingen av dei kom til skade i uhellet.

Tidlegare på ettermiddagen køyrde også ein bil av vegen ved Moskog. Også ved Sande i Gaular køyrde ein bil av vegen i ettermiddag.

Og i Sogndalsdalen køyrte eit utanlandsk vogntog set fast. Politiet har vore på staden og rekvirert bilbergar.

– Det er nullføre stort sett overalt i låglandet. Det er den glattaste snøen, så bilistar bør ta det med ro og køyre etter forholda. Det er betre å komme fram to minuttar for seint, enn aldri å komme fram, seier vaktoperatør Arne Stadheim ved Vegtrafikksentralen i Lærdal

Han seier at dei i ettermiddag har fått nokre telefonar frå misnøgde bilistar.

– Snøen kjem i byger, men det snør intenst når det først snør. Og brøytebilane klarer ikkje å vere overalt heile tida, seier Stadheim.