Hopp til innhold

Fleire trafikkuhell laurdag – faren er framleis ikkje over

Det har vore ei rekkje trafikkuhell på vegane i Sogn og Fjordane. Sjølv om nedbøren no har roa seg, er det dermed ikkje sagt at faren for glatte vegar er over.

Trafikkuhell i Sogndalsdalen

VELT: Denne lastebilen velta i Sogndalsdalen tidlegare laurdag.

Foto: Marita Ratdal

– Det ser ikkje glatt ut, men E39 er spinnglatt mellom Skei og Førde, seier drosjesjåfør Kristian Solheim.

Laurdag kveld er han på retur frå Sogndal, og var nær på å få eit ublidt møte med autovernet då bilen ikkje ville lystre rattinga i ein sving sør for Vassenden i Jølster.

– Det ser ikkje ut til å vere glatt, men det fryser på som berre søren. Folk bør vere obs, seier han.

Vaktoperatør Idar Sangolt ved Vegtrafikksentralen i Bergen seier han i kveld har fått fleire meldingar om glatte vegar både i Nordfjord og Sunnfjord. Spesielt mellom Nordfjordeid og Stryn, der no alt av saltebilar er ute.

– Der trur eg det skal vere bra no, men vi har også fått meldingar både frå E39, både nordover og sørover frå Førde. Mesta er varsla og skal følgje det opp, seier Sangolt.

– Og så er det viktig å hugse på at salt må køyrast opp før det verkar, seier han og ber folk køyre etter forholda og ha i tankane at vegen kan vere glattare enn den ser ut til.

Tidlegare på dagen gjorde snø og slaps vegane glatte. Det har vore fleire trafikkuhell der det blir opplyst at det har vore glatt på staden.