Hopp til innhold

Fleire tilfelle av fyll og vald natt til sundag

Politiet i fylket måtte i løpet av natt til sundag rydde opp i fleire tilfelle av fyll og bråk.

Flora, Førde og Sogndal

I Sogndal blei ein mann køyrd til legevakta etter å ha blitt slått ned i sentrum. I samband med denne hendinga blei to menn sett i arresten i Sogndal.

Om lag ein time seinare vart ein mann i Florø sett i arresten etter bråk på ein utestad. Mannen blir og meld for vald og truslar mot politiet.

I Førde blei ein mann sett i arresten fordi han var rusa og ikkje følgde pålegg frå politiet.