Hopp til innhold

Fleire til legevakt etter fuktig natt

Til saman to personar måtte til legevakta etter slagsmål og bråk natt til måndag.

Politibil - illustrasjon

MYKJE BRÅK: Politiet fekk hendene fulle fleire stader i fylket i natt.

Foto: Illustrasjonsfoto

Bråket starta i totida i Nordfjord, då ein person måtte til legevakta etter eit slagsmål. Vedkommande måtte sy og politiet opplyser at dei etterforskar hendinga.

På same tid vart ein person skalla ned og sendt til legevakta etter eit slagsmål i Førde.

I firetida kom to personar i krangel i Loen. Den eine vart slegen til i andletet og fekk kutt og hevingar.

Klokka halv fem kontakta ein person politiet i Førde og opplyste at han hadde vorte slått og sparka av fleire personar i sentrum.

Alle sakene vert melde.

Like før fem vart ei ung kvinne av venner etter å ha gått frå ein fest tidlegare på natta. Kvinna kom til rette etter kort tid.