NRK Meny
Normal

Tennene kan ha blitt plassert i bollen med vilje

To gonger på fem månader har det blitt funne tenner i bakverk kjøpt i Årdal. Trine Hellan i Mattilsynet ser ikkje bort frå at nokon kan ha plassert tennene der med vilje.

Fann tann i ostebolle

LITE APPETITTVEKKJANDE: Marianne Sandvik fekk seg ei ubehageleg overrasking då ho skulle dele denne ostebollen i to. Tanna er berre ei av tre som er funne i bakverk i Årdal dei siste fire åra.

Foto: Marianne Sandvik / Privat

Hellan seier risikoen for at noko slikt skulle skje ved eit uhell er forsvinnande liten.

– Og så dukkar det opp tre gongar i same bygda, i same type bakverk, frå forskjellige mjølleverandørar. Det er veldig rart, seier Hellan til nrk.no.

Tre tenner på fire år

Den første tanna dukka opp i eit ostehorn kjøpt på Rimi i Øvre Årdal i 2010.

Det siste tilfellet skjedde i juni. Det var Sogn Avis som fortalde om Rema 1000-tilsette Lene Kristin Aarnes som fann ei tann i ostebollen ho skulle ete til lunsj. Etter at saka kom på trykk stod ekteparet Marianne og Geir Sandvik frå Øvre Årdal fram og fortalde at dei hadde opplevd det same med ein ostebolle kjøpt på Kiwi i mars.

– Det var ei ubehageleg oppleving for å seie det mildt, seier Marianne Sandvik til NRK om møtet med den lite appetittvekkjande tanna for fem månader sidan.

Ho og ungane skulle berre kose seg med ein ostebolle lunsj.

– Eg skar bollen i to og skjønte ikkje kva det var med ein gong. Det var forferdeleg ubehageleg då eg såg at det faktisk var ei tann. Eg mista matlysta for den dagen, det er heilt sikkert, seier Sandvik, som er glad for at ho delte bollen i to og ikkje berre gav den til ungane.

– Korleis tek ungane det etter at de fann ei tann i favorittbollen?

– Det er ikkje det lenger no, det kan eg trygt seie. Eg har ikkje kjøpt dei meir etter det, seier Sandvik.

Vil prøve å spore mjølet

Trine Hellan i Mattilsynet seier det er to moglege teoriar: anten er det ein rutinesvikt, eller så er det ei villa handling.

Trine Hellan i Mattilsynet

LITEN SJANSE: Trine Hellan i Mattilsynet meiner det er liten sjanse for at tennene har hamna i bakverket ved ein rutinesvikt.

Foto: Mattilsynet

– Vår jobb er å finne ut om dette kan ha skjedd ved eit uhell i bakebedriftene. Men det kjem tilbake til spørsmålet: kva for bakeri er det som oppbevarer slike tenner? Det er jo ingen som gjer det, seier Hellan.

At tanna skal stamme frå mjølet ser ho heller ikkje på som særleg sannsynleg.

– Kornet blir solda og rista mange gonger frå åkeren til det kjem til mølla. På dei store møllene og produksjonsverksemdene har dei i tillegg gjennomlysningsutstyr som kan plukke ut framandlekam som steinar, skruar og mutterar. Og når kornet skal malast, så ville tennene uansett ha blitt knust. Så det heng ikkje heilt på greip det her, seier Hellan.

Ho seier dei likevel vil forsøke å spore mjølet for å finne ut om det eventuelt stammar frå same kjelde.

Kan ha blitt plassert der med vilje

Den siste moglegheita er at nokon har plassert tennene i bakverka med vilje.

– Men det òg er spesielt, for då måtte nokon ha dytta dei inn i bakverket, sannsynlegvis etter at det har kome i butikken, seier Hellan.

– Viss det er tilfelle, kva kan butikkar gjere for å verne seg mot slikt?

– Vanlegvis har dei som jobbar i butikken eit visst oppsyn med brødavdelinga, sjølv om den er sjølvbetent. Så det måtte vere å enten forsterke oppsynet, eller å slutte med sjølvbetjening, seier Hellan.

Trass i at det no har blitt gjort tre groteske tannfunn i Årdal på fire år, seier Hellan at det å finne framandlekam i matvarer likevel høyrer til sjeldanheitene.

– Vi har ikkje statistikk for heile landet, men her i Indre Sogn går det år mellom kvar gong. Då kan det gjerne vere ein mutter eller ein skrue frå eltemaskina, slike ting som du kan forstå kan hamne i matvarene ved ein rutinesvikt. Men aldri noko slikt som dette, seier ho.

– Kan vere sabotasje.

To av tennene vart funne i bakverk produsert av Bakers, den andre i ein bolle produsert av Sarepta Bakeri i Aurland.

Ingolf Meisterplass ved Sarepta seier at tanna umogleg kan stamme frå ein av deira tilsette.

– Det er litt merkeleg at det er tre forskjellige butikkar, to forskjellige leverandørar av mjøl og to forskjellige brødleverandørar. Då må vi byrje å tenke at dette kan vere sabotasje, seier Meisterplass.

Det at det ikkje er deigrestar på tanna tek han òg til inntekt for teorien om at dette er sabotasje.

– Viss tanna hadde blitt bakt i lag med bollen så skulle det ha vore deigrestar på den. Men det er det ikkje, ho er heilt blank, seier han.

Ole Nergaard er kommunikasjonsansvarleg i Bakers. Han meiner òg det er svært lite sannsynleg at tennene har kome inn i bakverka i løpet av produksjonen.

– Det er liten grunn til å tru at dette kjem frå våre mjølleverandørar, der er det svært gode rutinar. Og det er for så vidt heller ikkje naturleg at den kjem inn i vårt produksjonssystem. Vi lagar deigen opent, men lause tenner er ikkje noko som normalt oppheld seg i eit bakeri, seier han.

Han kallar tannfunna besynderlege, men vil ikkje spekulere i om det kan vere snakk om sabotasje.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.