NRK Meny

Fleire tekne for høg fart

Politiet i Høyanger heldt torsdag kveld fartskontroll i 80-sona på E39 ved Norevikane. Det vart skrive ut to forenkla førelegg. Høgste fart vart målt til 109 km/t. UP heldt på same tid fartskontroll i ei 60-sone på E39 ved Bruland i Førde. Her vart det skrive ut 10 forenkla førelegg. Høgste fart vart målt til 80 km/t.