NRK Meny
Normal

Fleire tastar på mobilen i bilen

Utrykkingspolitiet ser ein tendens til at fleire tastar på mobilen medan dei køyrer bil. – Det er større risiko ved å bruke mobilen på den måten, seier Terje Oksnes i UP.

Terje Oksnes, UP

HØG RISIKO: Terje Oksnes seier mange bli tatt for å taste på mobilen medan dei køyrer. Ei undersøking frå utlandet visar at ulukkesrisikoen er 20 gonger høgare når ei gjer dette.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Eg trur problemet er aukande i den forstand at det blir fleire og fleire moglegheiter på telefonen. I dag brukast smarttelefonane til alt frå surfing til sosiale medium. Det er ein endå større risiko ved å bruke telefonen på denne måten, enn å berre halde den opp mot øyret, seier Oksnes.

Terje Oksnes er sjef for utrykkingspolitiet på Vestlandet. Dei har dagleg trafikkontrollar på vegane, og dei tek fleire i å taste på mobilen enn før.

– Ein ser at dei kikkar på noko i fanget og at blikket forsvinn frå vegen. Patruljar som har hatt slike kontrollar melder også at trafikanten har problem med å stanse for kontroll, når dei oppdagar at det er politiet som vinkar dei inn, fortel Oksnes.

Tal frå Transportøkonomisk institutt (Tøi) viser at ulukkesrisikoen er dobbelt så høg når ein bruker telefonen under køyring. Undersøkingar frå utlandet viser at teksting aukar ulukkesrisikoen 20 gonger.

Som å køyre med bind for auga

– Ser du ned på mobilen i tre sekund og køyrer i 80 kilometer i timen, så har du køyrt 66 meter og det er som å køyre med bind for auga. Då er det klart at det kan skje ei alvorleg ulukke, seier Ann-Kathrin Årøen, kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk.

Trygg Trafikk er uroa over at smarttelefonen oftare leiar merksemda til bilistane bort frå vegen.

Ei undersøking publisert i fjor, viser at manglande merksemd var medverkande årsak i nær kvar tredje dødsulukke i trafikken frå 2011 til 2015.

– Mobilen er blitt ein så viktig del av livet vårt. Vi tek den med oss inn i bilen og der blir vi meir oppteke av den neste tekstmeldinga eller Snapchat, enn kva som skjer i trafikken, seier Årøen.

Ann-Kathrin Årøen

UROA: Ann-Kathrin Årøen er kommunikasjonssjef i Trygg Trafikk. Dei er uroa over bruken av smarttelefon blant bilistar.

Foto: Trygg Trafikk

Ho trur og at problemet er aukande.

– Vi blir meir og meir oppteke av å vere online heile tida. Fram til teknologien overstyrer dette og bilane blir meir sjølvkøyrande, så aukar nok problemet diverre, meiner Årøen.

Høg tru på eigne ferdigheiter

Oksnes trur at langt fleire enn dei oppdagar bryt lova, og brukar mobilen medan dei køyrer.

– Vi avdekkjer ganske mange tilfelle dei få timane vi har kontroll. Då kan du tenke deg all den tida vi ikkje har kontroll og alle dei stadene vi ikkje er. Den type bruk av mobiltelefonen føregår også der, seier han.

UP-sjefen trur folk er klar over risikoen dei utset seg for.

– Men dei har ein tru på sine eigne køyreferdigheiter og sin egen merksemd, og trur ikkje at akkurat det dei gjer vil få konsekvensar.