NRK Meny
Normal

Fleire store steinras i Luster

Fleire vegar er stengde etter jord- og steinras i Luster. Vegvesenet jobbar no med å få rydda vegane.

Steinras i Luster

STENGER VEGEN: Eit steinras stenger fylkesveg 331 mellom Skjolden og Sørheim.

Foto: Eirik Winge

SISTE KL 1253: Fylkesveg 332 i Fortunsdalen er no open for fri ferdsel. Fylkesvegen mellom Urnes og Skjoden opnar mest truleg ikkje i dag, opplyser vegvsenet. Årsaka er at jord- og steinraset er såpass stort at det tek tid å rydde.

– Både fylkesveg 332 og 331 vart stengde på grunn av jord- og steinras. Det har mellom anna ført til at skulebussane ikkje kjem fram, seier Kjetil Molvær ved Vegvesenet sin sentral i Lærdal.

Vegen stengd i Luster
Foto: Eirik Winge

– Det var eit ganske stort ras

Eirik Winge var på veg til arbeid då han trefte på raset på fylkesveg 331. Om lag ein kilometer frå Skjolden sentrum, måtte han snu då han trefte på raset.

– Det er eit ganske stort ras det eg trefte på, kanskje 10 gonger 15 meter. Eg vart ganske overraska, men eg var ikkje utrygg, seier Winge.

Terje Weka driv bensinstasjonen på Fortun, og har sjølv sett fleire av rasa som har gått i morgontimane måndag.

– Raset på fylkesveg 332 er eit stort ras, det er store steinar. Dei andre rasa er ganske små, sjølv om det framleis renn vatn og slikt ut i vegen, mellom Bjørk og Fortun.

Weka fortel at det ligg ganske mykje stein og rusk i vegbana.

– Ein må passe seg for stein i vegen. Det ligg småstein, grus og nokre små tre i vegen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.