Hopp til innhold

Fleire stader utan straum

Naustdal og Angedalen i Førde er det straumlause.

Snø

SNØ: Mykje snø på kraftlinjene rundt om i fylket har skapt utfordringar i straumnettet siste dagane. Også måndag slit kraftselskapa med feil på linjene.

Foto: Anders Martinsen / Agder Energi

I Sunnfjord er fleire kundar utan straum. Sunnfjord Energi har ein krevjande jobb føre seg med å rette feil i Naustdal. Krevjande og farleg arbeid i dårleg terreng gjer at det er vanskeleg å få retta feilen, skriv selskapet på sine nettsider.

Området er saumfare med helikopter, og ein ny linjetråd må truleg flygast ut på grunn av det vanskelege terrenget. Venta retting er sett til klokka 16.

Også eit område i Angedalen i Førde er utan straum, her ventar Sunnfjord Energi at feilen er retta innan kort tid.

Sognekraft hadde tidlegare i dag problem i Fjærland, men feilen skal no vere retta.

Sogn og Fjordane Energi opplyste for kort tid sidan at også heile Eid kommune var utan straum, men feilen er retta.