Hopp til innhold

Fleire spring landevegsløp

Det er aukande interesse for å vere med på landevegsløp som Esefjorden Rundt.

Balestrand

Esefjorden Rundt startar ved Tjugum kyrkje (på andre sida av Esefjorden) og har målgang i Balestrand sentrum.

Foto: Bjørn Skanke Sande

Den 1. mai blir Esefjorden Rundt arrangert for 30. gong, og Breimsstafett nummer 71 står for tur søndag.

Stigande interesse

Og Vegar Sårheim i Breimsbygda Indrettslag registrerer ei stigande interesse for den tradisjonsrike stafetten, som er det eldste idrettsarrangementet i fylket.

- Hektisk for enkelte

- Dei som spring stafettar er vande med at det skjer mykje i denne perioden. Gloppen Friidrettslag skal til Bergen og springe Askstafetten 1. mai, så det blir hektisk for enkelte, men vi tek det som teikn på at friidretten er på veg opp og fram. Vi har kanskje vore i ein bølgjedal nokre år. No er det meir aktivitet, folk er sprekare og trenar meir, så vi har eit håp om at det skal føre til fleire lag på Breimstafetten.

Folkefest i Balestrand

Og 1. mai er det duka for folkefest når Esefjorden Rundt jubilerer, seier Kari Rønnestad Pedersen i Balestrand Idrettslag.

- Det er alltid for få helgar i mai, men vi har våre faste deltakarar og håpar vi får nokre slengarar i tillegg. Vi er opptekne av å utvide mosjonsklassane, og der har vi hatt ein formidabel auke.

Pengepremiar

- I tillegg har vi etter nokre år med litt laber deltaking i konkurranseklassane no fått nokre skikkelege racerar på startlista. Det trur eg er fordi vi har høge pengepremiar i konkurranseklassen. Vinnarane at dame- og herreklassa får 5000 kroner kvar.

Åsen Opp i Florø

I Florø blir løpet Åsen Opp arrangert denne helga, og Jon Sørland i Florø Turn og Idrettsforening trur ikkje dei mange arrangementa vil påverke deltakartalet.

- Forrige helg hadde vi både Skarverennet, Kjeringi Open i Leikanger og Rett vest i Florø. Det viste seg at det var rekord på Kjeringi Open og godt med deltakarar på Rett vest. Så slike løp er i skotet, rett og slett.