Hopp til innhold

Fleire søkjarar enn elevplassar

Folkehøgskulane i Sogn og Fjordane har langt fleire søkjarar enn elevplassar.

Nordfjord Folkehøgskule

300 søkjarar vil gå eit år på Nordfjord Folkehøgskule.

Foto: Ingunn Thon / NRK

På Nordfjord folkehøgskule er søkjartala rekordhøge. Over 300 ungdomar vil ha eit år på skulen som tilbyr aktivitetar litt utanom det vanlege.

Ikkje alle får plass

Her underviser mellom anna rektor Hallgeir Hansen i kajakkbygging.

Skulen på Sandane legg vekt på friluftsliv og natur. I år er det så mange søkjarar at langt i frå alle får plass. For 300 søkjarar er tre gonger fleir enn skulen har plass til.

- Det er fantastisk kjekt med så mange søkjarar. Vi har fullt på alle linjer utanom ei. Truleg kjem vi til å ha 120 elevar til hausten, seier Hansen.

Ifølgje Hansen er det ny rekord for skulen.

Fleire enn i fjor

Men også dei andre folkehøgskulane i fylket er tydeleg godt likt. I Sogndal har folkehøgskulen 60 søkjarar meir enn i fjor på denne tida.

Sogndal Folkehøgskule - internat

Sogndal Folkehøgskule har 160 søkjarar til 80 elevplassar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Til no er det 160 søkjarar til 80 plassar.

Sunnfjord Folkehøgskule i Førde 153 søkjarar til 90 plassar, som er ein auka med 13 frå same tid i fjor. Fjordane folkehøgskule på Nordfjordeid har om lag same tala som i fjor.

Dyrke hobbyar

Rektor ved Nordfjord folkehøgskule Hallgeir Hansen trur årsaka til at folkehøgskule er så populært, er at ungdomane har eit behov for å dyrke hobbyar etter 13 års skulegang. Og då er Nordfjord folkehøgskule høveleg for mange meiner Hansen.

- Skulen driv med friluftsliv og vi ser at friluftsinteressa blant ungdom er stor. Dessutan ligg skulen midt i naturen. Faktisk kjem mange også for å oppleve vestlandet, forklarar Hansen.

- Det beste året i livet mitt

Mariann Hegg er ein av elevane på Nordfjord folkehøgskule. Ho kan nemne ei rekkje positive ting med eit år på folkehøgskule.

- Det er veldig sosialt eigentleg. Internatlivet, vere på turar og finn på ting med gode vener, seier Hegg.

Også elev Eline Holli Halset er einig i at eit år på folkehøgskule byr på nye erfaringar, der elevane vert sittande att med mykje meir enn eit vitnemål.

- Du gjer ting du aldri ville gjort elles. Det er nok det beste året i livet mitt så langt og det trur eg det er mange som tenkjer, seier Halset.