Hopp til innhold

Fleire skulelinjer kan ryke til neste år

Fire klassar i vidaregåande skular og 69 plassar står i fare for å bli kutta kommande skuleår. Det føreslår fylkesdirektøren for opplæring.

Leiar for opplæringskontoret Jarle Raad

ALVORLEG: Leiar for opplæringskontoret for transport og logistikk i Sogn og Fjordane, Jarle Raad, seier ei nedlegging vil vere krise for transportnæringa.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Jarle Raad i opplæringskontoret for transport og logistikk i Sogn og Fjordane, seier dette er alvorleg for næringa.

– Eg håpar dei forstår konsekvensane dersom dei legg ned. For transportnæringa er det krise å ikkje få unge folk ut i arbeid, seier han.

Stort behov for arbeidsfolk

Industriteknologi i Måløy, brønnteknikk i Flora, påbygging i Dale og transport- og logistikklinja i Førde kan vere historie i 2016. Det kjem fram i fylkeskommunen sitt forslag for neste skuleår. Jarle Raad meiner det er lite gjennomtenkt.

Denne klassen kan bli råka av nedlegging

KAN BLI RÅKA: Denne klassen kan miste linja si, transport og logistikk, til neste år. Frå venstre: Lærar Reidar Svalheim, Robert Olsen, Bjørn Grytvik, Ørjan Ekornrud, Jannike Kleppe, Gunstein Strømsnes og Nikolai Nordbotten.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Her har elevane alle moglegheiter til å komme seg ut i lære og ut i arbeid, eit arbeid som det absolutt trengst folk til. Så det er vanskeleg å forstå kvifor dei vil leggje ned denne linja, seier han.

Som konsulent ved opplæringskontoret, har Raad god oversikt over kva dei 90 medlemsbedriftene i Sogn og Fjordane har behov for.

– Reidar Sandal har hatt eit utval som har sjekka kva alle bedriftene treng av arbeidsfolk. I rapporten frå i fjor haust står det at dei treng mellom 30 og 40 nye lærlingar kvart år, både i person- og godstransport.

– Må sjå bak tala

Reidar Svalheim har vore kontaktlærar på linja ved Mo og Øyrane heilt sidan oppstarten. Han er opprørt og har ei klar melding til politikarane som skal ta avgjerda.

– Dei må gå bak talla og sjå kva opplæringskontoret har fått ut av lærlingar. Alle elevane, både i Sogndal, Førde og Stryn som er kvalifiserte får vi ut som lærlingar. Så det er merkeleg at ein skal ta ned ei linje der ein får ut alle lærlingane, seier han.

Ingen i fylkeskommunen vil kommentere saka før politikarane i fylkesutvalet skal handsame saka i morgon.