Hopp til innhold

Fleire skogbrannar

Brannvesnet hadde det det travelt i ettermiddag.

Lyngbrann, illustrasjon
Foto: NRK

Brannvesenet rykka ut til Navelsaker i Eid, Ulltang og Holsen i Førde og til Kalandsåsen i Naustdal for å slukke skog- og lyngbrannane i ettermiddag.

Under kontroll

Brannen på Navelsaker og på Ulltang var i vanskelege terreng, og brannvesnet overvaka brannane til dei sløkna av seg sjølv.

Ved Kalandsåsen i Naustdal ba brannvesnet om forsterkningar frå Førde, men båder der og i Holsen er brannen no under kontroll.

Dei mange brannane starta omlag samstundes, då ekstremver med mange lynnedslag sette inn onsdag ettermiddag.