NRK Meny

Fleire skal få sykle i tunnelar

Ved alle nye tunnelbyggingar i fylket skal det vurderast å leggje til rette for syklistar. Det har eit samrøystes hovudutval for samferdsel bestemt. Som regel er det ikkje lagt til rette for sykling i tunnelane i fylket. Ofte blir "gamlevegen" utanfor tunnelen omklassifisert til sykkelveg. No skal det altså vurderast om ein kan opne tunnelen for syklistar der det passar seg.