NRK Meny
Normal

Fleire samband skal få meir miljøvennlege ferjer

Om få år skal 11 nye ferjer setjast inn på ferjesamband på Vestlandet. Målet er å redusere CO₂-utsleppa.

Bilferja Lote og Mannheller ferjekai

BLIR MILJØVENNLEG: Fleire samband skal få nye og miljøvennlege ferjer, som her på Mannheller-Fodnes på Sognefjorden.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det er til saman 11 ferjer på fire samband som blir lyst ut i anbodsrunden torsdag. Fire av dei skal vere nullutslippsferjer og sju lavutslippsferjer.

Dette vil redusere CO₂-utsleppa med 30.000 tonn per år i forhold til dagens løysningar, noko som tilsvarar det årlege utsleppet til om lag 15.000 biler.

Det er strekningane Mannheller–Fodnes og Hella–Vangsnes – Dragsvik i Sogn og Fjordane, Hjelmeland–Nesvik–Skipavik i Rogaland og Molde–Vestnes i Møre og Romsdal som skal få nye og miljøvennlege ferjer.

Statens vegvesen utfordra no reiarlag og teknologimiljø til å lage ei delvis hydrogen-dreven ferje. Denne skal gå på sambandet i Rogaland.

– Vi er nå i full gang med det grøne skiftet på ferjene og Norge leiar an i verdssamanheng. Med dette blir det sett meir trykk på arbeidet. Resten av ferje-verda følgjer nøye med. I løpet av få år vil eit stort tal ferjer bli null- eller lavutslippsferjer. Desse 11 er ein viktig del av dette, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

Kombinasjon av straum og biodrivstoff

På strekningane Mannheller–Fodnes og Hella–Vangsnes – Dragsvik skal fem ferjer ta mesteparten av energien frå straumnettet og med biodrivstoff som alternativ. Her vil det bli spart i underkant av 9.000 tonn/år med CO₂-utslipp.

– Regjeringa ønsker ein meir fleksibel kvardag for folk og næringsliv. No styrkar vi desse riksvegferjesambanda slik at dei får ei betre løysing for reserveferje, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) i ei pressemelding.

Sambanda vil verta lyste ut i ein pakke og ny kontrakt tek til å gjelda frå 2020–2028. Målet er at ferjene skal vere på plass tidlegare enn i dag ved driftsbrot for å sikre gode tilbod til ei kvar tid.

– Fartøya skal òg driftast på låg- eller nullutsleppsteknologi. Miljø vert vekta med 30 prosent som tildelingskriterium for kontrakt, pris med 70 prosent, seier Solvik-Olsen.

Forlengjer sommarrutene

Sambandet Hella–Vangsnes–Dragsvik i Sogn har sommarrute tre månader i dag. Det vert no sommarrute minimum fem månader.

– Sambandet vert lyst ut med to rutekombinasjonar, anten sommarrute heile året eller sommarrute i fem månader. Pris vil avgjera kva for alternativ som blir vald, seier Solvik-Olsen.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.