NRK Meny
Normal

Fleire russ vil vere edru i russetida

Ungdomsorganisasjonen Juvente forventar fleire «edruss» enn tidlegare.

russ med alkohol i parken

VANLEG SYN: Alkohol er stort sett eit vanleg element i russefeiringa. I år har likevel fleire unge registrert seg som «edru russ».

Foto: Kyrre Lien / NTB scanpix

Russetida er høgtid for alkohol og festing blant ungdom. Likevel går enkelte imot straumen.

Edruss

RUSS UTAN RUS: Veronica Skagestad går på Sygna vidaregåande skule i Balestrand og har bestemt seg for å feire russetida utan alkohol.

Foto: Privat

Veronica Skagestad frå Balestrand i Sogn og Fjordane er ei av dei som ikkje drikk i russetida, hovudårsaka er at ho ynskjer å dempe drikkepresset.

– Eg har drukke tidlegare og har heller ikkje hatt nokre negative opplevingar knytt til alkohol, likevel har eg ikkje behov for å drikke.

– I tillegg er det dyrt, seier ho.

Forventar 600–700 «edruss»

Juvente Edruss Daniel André Selstø

REDUSERE PRESS: Daniel André Selstø er prosjektleiar for Edruss i ungdomsorganisasjonen Juvente.

Foto: Juvente

Ungdomsorganisasjonen Juvente har drive prosjektet «edruss» sidan 2014. Målet er å skape aksept og stoltheit blant russ som ikkje drikk.

– I forfjor hadde vi over 400 som var registrert hos oss, no er vi oppe i 500, men reknar med rundt 600–700 i tida som kjem, fortel Daniel André Selstø, prosjektleiar for Edruss.

Dei får også positive tilbakemeldingar frå russ som vel å drikke.

– Dei synest det er bra at vi er synlege for eksempel på russetreff. Det kan vere godt å sjå at det er mogleg å vere med på slikt utan å overdrive drikkinga, fortel Selstø.

Edruss edru russ

EDRU: Russar som registrerer seg som «edruss» får eit godt synleg strykemerke til russedressen eller buksa. Dei har eigne knutar og kan få russebilen sponsa som edru bil

Foto: Juvente

Legg ikkje dempar på feiringa

Balestrand-russen trur ikkje mangelen på alkohol vil gå ut over russefeiringa hennar.

– Eg er med på det som er av festar og liknande. Eg vil vere eit førebilete som kan vise at ein kan avstå frå alkohol utan å få det typiske stempelet som keisam, seier Skagestad.

Ho går på ein kristen vidaregåande og legg til at det kan vere enklare å avstå frå alkohol der enn på skular der drikking er meir vanleg.

– Det har nok mykje med kven du heng saman med. Det kan vere ei sjølvfølge for mange å drikke på enkelte arrangement og festar, men det viktigaste for meg er at folk ikkje kjenner seg pressa.

Meir akseptert

Willy Pedersen

MØNSTER: Professor i sosiologi Willy Pedersen ved Universitetet i Oslo har forska på ungdom og rus.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Professor Willy Pedersen har forska på ungdom og rus. Han peikar på at det er ei endring i ungdomskulturen når det gjeld alkohol, noko som også kan påverke festkulturen.

– Vi ser at ungdom drikk mindre enn tidlegare. Mange er for eksempel oppteken av eit sunt liv eller vil gjere det bra på skulen. Det er til og med fleire tilfelle av ungdom som irriterer seg over alkoholkonsum blant vaksne, der dette tidlegare gjerne var omvendt.

Russetida er likevel ofte eit unntak, der mange vel å drikke mykje.

– Med russeklede på eller i ein russebuss vert det skapa ein unntakstilstand der reglar i samfunnet utanfor ikkje lenger er gjeldande. Eit typisk fenomen i overgongsrituale slik som russetida er.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar