Hopp til innhold

Fleire råkøyrer på sommarvegane

Utrykkingspolitiet har inndrege 18 førarkort i Sogn og Fjordane i sommar, sju fleire enn i same perioden i fjor.

Elling Krogen i UP

STOR AUKE: Elling Krogen og hans kollegaer i UP har inndrege 18 førarkort i sommar.

Foto: Elling Krogen / NRK

Auken kjem trass i at UP no oftare står i høgare fartssoner, der det er vanskelegare å miste førarkortet, seier Terje Oksnes, som er UP-sjef på Vestlandet.

– Der må folk køyre relativt mykje fortare for å få inndrege førarkortet. 18 førarkortbeslag er ikkje så veldig stort tal, men det er ein stor auke i høve til same perioden i fjor i Sogn og Fjordane.

– Færre alvorlege ulukker

I tillegg har 414 bilistar fått forenkla førelegg for for høg fart.

Terje Oksnes, UP

NY STRATEGI: UP-sjef Terje Oksnes.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Det er ikkje overraskande at vi avdekker så mange, men det er eit stort tal i løpet av desse vekene, når vi i tillegg har avvikla ferie og ikkje vore på jobb i det heile i fleire veker.

Det var på nyåret UP la om strategien. No har dei fleire kontrollar utanfor tettbygde strok, fordi det er der det skjer flest alvorlege trafikkulukker. Det har ført til ein nedgang i tal førarkortbeslag året sett under eitt.

– Det som er gledeleg over heile Vestlandet er at vi har hatt færre alvorlege trafikkulukker, utan at eg skal tilskrive det vår endring av strategi. Men eg er svært nøgd med at patruljane har fylgt strategien vi har lagt, nemleg å legge meir aktivitet utanfor tettbygd strok, seier Terje Oksnes i UP.