Hopp til innhold

Fleire personar avhøyrde i Veronica-saka

Politiet i Sogndal håpar på hjelp frå Kripos i Veronica-saka også i det nye året.

Årøy

FUNNEN: Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal 14. november, etter å ha vore sakna sidan 25. oktober.

Foto: Geir Bjarte Hjetland

Regionlensmann Arne Johannesen seier Veronica-saka er den aller viktigaste framover.

– Vi samlar troppane i morgon, med hjelp frå andre kontor i fylket. Vi håper også på framleis bistand frå Kripos. No legg vi ein plan for vidare etterforsking og prioritering, med denne saka som den aller viktigaste, seier han.

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal 14. november, etter å ha vore sakna sidan 25. oktober. Politiet etterforskar dødsfallet som mistenkeleg. Obduksjonsrapporten er enno ikkje klar.

I romjula har politiet avhøyrd fleire personar, både nye og personar som tidlegare har vore til avhøyr.

– Det har vore gjort nye avhøyr i romjula, men det er ingen endring i status på nokre av vitna, seier han.

Ein mann i 40-åra er sikta for brot på narkotikalova, falsk forklaring i Veronica-saka og vald. Han har site fengsla sidan 27. november. Mannen må sitje i varetekt til 24. januar med brev- og besøkskontroll fordi retten meiner det er fare for at bevis skal gå tapt i samband med etterforskinga av narkotikasiktinga.