Hopp til innhold

Fleire oppsøkjer krisesenteret

Stadig fleire utanlandske kvinner gift med norske menn oppsøkjer krisesentra. Sogn og Fjordane toppar denne statistikken.

Ein av grunnane til dette kan vere at det er fleire ekteskap mellom personar frå ulike land her i fylket enn i til dømes Oslo. Det fortel krisesentersekereteriatet til Bergens Tidende.

Fire av ti kvinner som oppsøkte krisesentert var utanlandske kvinner gift med norske menn viser tal frå 2007.

- Eg vart overraska over det høge talet, seier leiar Kari Witzøe ved krisesenteret i Sogn og Fjordane.