Hopp til innhold

Stadig fleire Nav-tilsette opplever trugsmål på jobb

Også for Nav-tilsette i Sogn og Fjordane har trugsmål og sjikanering vorte ein del av kvardagen. Men Nav-sjefar trur ikkje nødvendigvis fysiske sperrer er det som skal til for å tryggje dei tilsette.

Magne Kjetil Berg

GODE RUTINAR: Nav-leiar i Førde, Magne Kjetil Berg, meiner det er viktig å vere budd.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Generelt må vi prøve å ta våre forholdsreglar. Vi er to, viss vi er budde på at det kan skje noko. Og så har vi gode rutinar med å samarbeide med politiet omkring hendingar, seier leiar ved Nav-kontoret i Førde, Magne Kjetil Berg.

Han fortel at det er forskjellige typar trugsmål som dukkar opp mot dei tilsette.

– Noko er frustrasjonar som kanskje kan vurderast både som trugsmål og ikkje. Men det går mest på frustrasjonar mot eit stort system som mange opplever ikkje gir dei alt dei treng. Då kan det komme ting som "eg skal komme og ta dykk" eller gjere noko mot kontoret, seier Berg.

Skjer med jamne mellomrom

For to veker sidan vart ei kvinne i 30-åra, som jobba på Nav-kontoret på Grorud i Oslo, knivstukke. Ho døydde tre dagar seinare av skadane ho vart påført. I etterkant har det vorte diskutert om tryggleiken for dei Nav-tilsette er god nok.

I dag starta ei sak i Fjordane tingrett der ein mann er tiltalt for mellom anna å ha truga ein Nav-tilsett i Høyanger.

– Det er korkje vanleg eller uvanleg. Det skjer med jamne mellomrom at vi får førespurnader der vi kjenner oss utrygge fordi vi ikkje veit kva som skal skje, seier Berg.

Men han understrekar at det ikkje er slik at ein går redd på jobb.

– Men det handlar om at vi er medvitne på at ting kan skje, og at vi aldri veit når brukarane våre kan ta av, seier Berg.

Må ha ein løpande diskusjon

Som kontorleiar er han oppteken av at dei tilsette er medvitne på kva som kan skje.

– Eg prøver å ha ein løpande diskusjon på kontoret vårt om at vi må vere medvitne, at vi må støtte kvarandre, og vere i lag i samtalar, samt reflektere og prøve å lære av situasjonar som skjer, seier Berg.

Han understrekar at det viktige er at tilsette som opplever situasjonar, skal kjenne seg trygge.

At det ikkje finst felles minstekrav for fysiske tryggingstiltak på Nav-kontora er ikkje Berg så uroa over.

– Eg trur det viktigaste for oss er at vi har ein god tryggleikskultur på kontora. Rutinar kan fort bli både for generelle, men også ei sovepute, seier Berg.

Klientane er ofte i vanskelege livssituasjonar

Han trur at ein må gjere løpande vurderingar for å sjå korleis ein skal ha det for å vere trygge på jobb.

Berg er også av og til med i samtalar med klientar, der situasjonen har vore noko amper. Han har opplevd at situasjonen ofte roar seg, når han er til stades.

Det er noko Nav-leiar i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, stadfestar.

– Eg trur det i mange tilfelle kan vere avgjerande. Det at dei får snakke med øvste leiar lokalt, det gjer noko med truverdet vårt, seier Thorsnes.

Tore Thorsnes

IKKJE AKSEPTABELT: Nav-direktør i Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes, understrekar at det er fullstendig null-toleranse når det gjeld trugsmål mot offentleg tilsette.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

Han legg til at ein må vere klar over at dei fleste brukarane er personar som er i ein vanskeleg livssituasjon.

– Nokon gonger er dei i yttarste krise, og det utfordrar oss i måten vi kommuniserer på. Vi må sørgje for at vi blir profesjonelle i måten vi kommuniserer på, for det kan ofte avverje utagerande handlingar, seier Thorsnes.

Må ikkje kjenne seg redde på jobb

– Det er alvorleg når offentlege tilsette vert truga av brukarar. Det har vi nulltoleranse for, seier Thorsnes.

Nav-organisasjonen er framleis sterkt prega etter at ei av deira tilsette døydde etter skadane ho vart påført då ein klient gjekk til angrep på henne. Til no har ein ikkje opplevd så farlege ting i Sogn og Fjordane, men også her opplever Nav-tilsette at dei vert truga.

– Vi har ikkje vore utsette for dei mest dramatiske situasjonane her i Sogn og Fjordane. Men våre tilsette opplever også sjikanering, og trugsmål om det verste som kan skje, seier Thorsnes.

Han understrekar at det er viktig å få markert at ein ikkje kan ha det slik.

– Våre tilsette må ikkje oppleve at det er skummelt å gå på jobb fordi vi har brukarar som kan truge, og kanskje til og med skade oss fysisk, seier Thorsnes.

Har ikkje registrert fysisk vald

Førebels har ein ikkje registrert tilfelle av fysisk vald i Sogn og Fjordane.

– Men vi ser ein aukande tendens til bruk av psykisk vald og trugsmål og trakassering. Og det påverkar heilt klart våre medarbeidarar, seier Thorsnes.

Kva dette skuldast, er Thorsnes usikker på.

– Det er nok ei generell samfunnsutvikling, så det er ikkje spesielt overraskande at ein har ein auke i ein etat som forvaltar velferdsordningar, og der folk opplever at dei ikkje får det som dei føler at dei har behov for, så oppstår det aggresjon, seier Thorsnes.

Han fortel at dei tilsette på Nav stadig øver på å vere profesjonelle med brukarar, slik at ein skal hindre at aggresjon oppstår i det fysiske møtet mellom klient og handsamar.

I tillegg har dei tilsette ei heil smørbrødliste over måtar dei kan handtere trugsmål mot Nav-tilsette på.

Stengjer kontoret dersom berre éin er på jobb

Mellom anna får ingen lov til å vere åleine på jobb.

– Vi har stort sett små kontor i vårt fylke, noko som betyr at vi må vere opptekne av at våre tilsette til ei kvar tid har tilgang til ein kollega som kan trå til dersom det oppstår vanskelege situasjonar. Vi har difor i utgangspunktet forbod mot å halde kontora opne dersom ein er åleine på jobb, seier Thorsnes.

I dialog med kommunane, har ein vorte samd i at det er viktig at ein tryggjer dei tilsette dersom dei kjem i ein situasjon der dei er åleine.

– Skjer det ofte?

– Nei, det gjer vi ikkje. Men når vi har så små einingar, så er det dagar i løpet av året der slikt kan oppstå, seier Thorsnes.

Må vere gode på å tilretteleggje

I går var toppleiinga i Nav samla for å diskutere tryggleiken for Nav-tilsette i etterkant av drapet på den Nav-tilsette kvinna i Oslo.

Nav har ikkje felles minstekrav for fysiske minstetilltak for dei tilsette.

– Nav-kontora er bygde moderne, opne, venlege kontor fordi ein har erfaring som tilseier at det skal hindre aggresjon. Men det er eit dilemma mellom å vere open og venleg, og det å iverksetje tryggleikstiltak som kan provosere brukarar, seier Thorsnes.

Difor vert det no diskutert i full breidde kva tiltak som kan vere naudsynte å setje i verk, i lys av det som har skjedd.

– Men verda ser litt forskjellig ut når ein samanliknar by og land. Vi må vere gode på å leggje til rette for brukarane våre, i tråd med dei lokale føresetnadene. Eg er ikkje sikker på at det er naudsynt å ha ein standard på tryggingstiltak, seier Thorsnes.

Han trur det er viktigare å vere medviten på korleis ein agerer når ting vert vanskeleg.