Hopp til innhold

Fleire oppdrag for Røde Kors

Sogn og Fjordane Røde Kors har hatt seks fleire aksjonar i første halvdel i år, enn på same tid i fjor.

Leteaksjon i Tingvoll

Illustrasjon.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Sjølv om auken er heller beskjeden, finn fylkesleiar for hjelpekorpsa, Stian Antonsen, grunn til å minne om at fjellvettreglane gjeld sommar som vinter.

- Dei gjeld heile året. Ein treng ikkje gå lange turen før noko kan gå gale, seier han.

Det er ikkje mindre aktuelt ettersom bærsesongen nærmar seg.

24 aksjonar i år

På landsplan har Røde Kors Hjelpekorps delteke på 556 søk i år. Det er 109 fleire enn første halvdel i 2008. Medan hjelpekorpsa i Telemark og Buskerud toppar statistikken med høvesvis 69 og 54 rapportar, har Røde Kors i Sogn og Fjordane delteke på 24 aksjonar - mot 18 i fjor.

- Det plar vere nokre store for året, men ikkje så langt i år. Sjølv om det er ein auke i aksjonar, så treng ikkje det vere store aksjonar i fjellet. Det kan vere å hjelpe ein person som har skadd seg i heimen også, seier Antonsen.

Hugs fjellvetreglane

Fylkesleiaren har fleire eksempel der fjellvettreglane kan ha berga liv.

- Du har dei på Jostedalsbreen som løyste ut naudpeilesendaren pga. sjukdom. Det er fornuftig med naudpeilesendar der det ikkje er mobildekning. Du har også han som grov seg ned med ei steikepanne i Luster, seier han.

Røde Kors fortel at fleire henteoppdrag skuldast folk som har gått lenger enn dei orkar eller meistrar. Det vere seg på ski eller til fots.

Kom over 40 verfaste

I Sogn og Fjordane har Røde Kors eit godkjent mannskap på 700 personar. Så langt i år har 144 mannskap vore involvert, fordelt på 439 timars frivillig arbeid. 77 personar har fått hjelp, men talet er spesielt høgt på grunn av eit henteoppdrag i samband med 40 personar sat verfaste på Sognefjellet i påska.

- Den mest dramatiske og langvarige aksjonen var i Aurland der ein skigåar vart sakna like i påska . Der var Aurland, med hjelp frå Lærdal og politiet, ute og søkte fleire helgar til skigåaren vart funnen omkomen for tre veker sidan. Aksjonane viser at vi har kompetanse til slike type oppdrag, seier Antonsen.

707 har fått hjelp

På landsbasis har 707 personar fått hjelp av Røde Kors i år. Det er kring 40 fleire enn på same tid i fjor. Når det gjeld frivillige timar, ser Røde Kors ei nær dobling til 30 390 timar.

- Manglande mobilbruk kan nok ha litt av skulda for auken. Mange seier at dei ringer når dei er framme, men så er det ikkje mobildekning alle stadar. Då blir dei heime naturlegvis urolege og melder ifrå, seier Antonsen.