Hopp til innhold

Stadig fleire gir blaffen i desse skilta - køyrer i staden rett forbi

Stadig fleire tungbilsjåførar køyrer rett forbi når Vegvesenet har kontroll. I dei fleste tilfella har dei noko å skjule.

Skilt som varslar kontroll av tunge køyrety, ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal

KØYRER FORBI: Vegvesenet opplever stadig oftare at tungbilsjåførar ikkje respekterer denne typen skilt. Her er eit av skilta som står ved Håbakken kontrollstasjon i Lærdal.

Foto: Anna Gytri / NRK

Med blinkande skilt blir lastebilsjåførane varsla om at det er kontroll. Skilta står godt synlege langs vegen, og med symbola av ein lastebil og ein buss skulle det vere ganske tydeleg kva køyrety som skal innom.

Men Vegvesenet opplever stadig oftare at sjåførane gir blaffen i skilta og susar forbi. Tore Eikeland som er senioringeniør i region Vest, seier problemet er aukande.

– Vi får beskjed av våre kontrollørar som er ute på vegane at dette skjer dagleg, seier han.

- Dette er uheldig, og slett ikkje slik vi vil ha det.

- Dei har ting å skjule

Tore Eikeland

UKULTUR: Tore Eikeland i Statens vegvesen vil det han kallar ein ukultur til livs.

Foto: Anna Gytri / NRK

På kontrollstasjonen ved E16 på Håbakken i Lærdal blir det lagt ned tusenvis av kontrolltimar kvart år. Målet er at dette skal bidra til at det er trygt på vegen for alle.

Kontrollørane sjekkar om køyretya har bremsene i orden, om lasta er sikra slik den skal, om bilen har overlast eller om sjåføren har fått den pausen han skal ha. Berre for å nemne noko.

Når skilta blir skrudde på må alle i køyrety over 3,5 tonn svinge inn på plassen. Men den seinare tida har kontrollørane opplevd at mange ikkje gjer det.

Eikeland er uroa og seier dette går ut over nettopp tryggleiken på vegen.

- Det viser seg når vi får tak i dei at dei har ting å skjule. Spesielt gjeld dette brot på køyre- og kviletida og lastsikring av køyretyet, seier han til NRK.no.

- Men kva er problemet for den vanlege bilist om det er nokon som nektar stogge for ein slik kontroll?

- Dette handlar om tryggleiken på vegane, understrekar han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skreiv ut bot

GEBYR: Mange av dei som køyrer forbi kontrollane gjer det fordi dei vil unngå å betale for ting som ikkje er i orden. Her er inspektør Bjarte Frækaland i gang med å skrive ut eit gebyr for dårlege dekk.

Foto: Anna Gytri / NRK

Må betale dyrt

Det er ikkje lenge sidan kontrollørane på Håbakken sist opplevde at nokon stakk av frå kontroll. Laurdag for snart to veker sidan var det to stykker som køyrde vidare og forsvann inn i den lange Lærdalstunnelen.

– Vi var sikre på at desse når vi ikkje att. Så reiste vi inn og sjekka om det var nokon som hadde kontroll lenger sør, og det var det. Dei som hadde kontroll i Bergen fekk stogga dei.

Og det svarar seg ikkje å stikke frå kontroll. Om du så har alt i orden må du ut med minst 7500 kroner. Dei to som stakk frå Håbakken måtte ut med meir.

- Begge hadde brot på køyre- og kviletida og vart bøtelagde med høvesvis 11.000 kroner og 15.000 kroner, fortel Frækaland.

Blir henta inn att

Ein av plassane der problemet er ekstra ille er kontrollstasjonen på E39 ved Stord.

– Der er det både to og tre på kvar arbeidsøkt som stikk forbi. Då er det full fart, og dei skal i ei eller anna retning til ei ferjekai, seier senioringeniør Tore Eikeland.

Men mange blir henta inn att. Både Vegvesenet og politiet har lagt seg på hjul for å hente inn att dei som stikk av. Det å varsle kollegaer i andre distrikt har også vist seg å vere effektivt. På plassar der det er ferje er det fleire som har blitt innhenta før dei kjem seg vidare.

Vil ukulturen til livs

Uansett vil Eikeland den nye ukulturen til livs.

- Vi likar ikkje utviklinga, og Vegdirektoratet jobbar no med dette, seier han og vedgår samstundes at det er ei vanskeleg sak å gjere noko med.

– Vi kan til dømes kalle inn ekstra folk og stå ute langs vegen med stoppspak og vinke inn alle, men det krev ekstra ressursar og kostar mykje.

- Men det at de går ut med dette, kan ikkje det føre til at endå fleire susar forbi kontrollane?

- Så sant som vi har høve så klarer vi å få tak i dei att. Då melder vi saka til politiet.

Kontroll på Håbakken

KONTROLL: Når tyngre køyrety blir kontrollerte blir mellom anna bremser og dekk sjekka nøye.

Foto: Anna Gytri / NRK