Gjendisdige i Sogn og Fjordane har fått inn 50 til 60 meldingar om skadar etter dei store nedbørsmengdene siste døgeret. Skadesjef Arvid Slåtten seier dei fleste meldingane er relatert til uveret.
- Det er for det meste skader som kjem av all nedbøren som flomskadar og vatn i kjellarar, seier Slåtten. Men Gjensidige har også fått meldingar om større skadar etter at skred har gjort skade på eit par bustadhus.
- Me veit ikkje kva skadane vil koste, me jobbar no med å få skadane taksert, seier Slåtten. Han reknar med at erstatninga vil kome på nokre millionar sidan det har vorte gjort store skadar på fleire bustadhus.
Lensmannen har fått få skademeldingar
Hos lensmennene i fylket har dei derimot fått inn få skademeldingar så langt.
I Førde har dei fått inn 11 meldingar om uversskadar, fortel lensmann Kjell Fonn.