NRK Meny
Normal

Kan juble over avansement i Norway Cup

For laga frå Sogn og Fjordane drar det seg til i verdas største fotballturnering. – No møter vi tøffe lag og det blir jamne kampar, seier trenar.

Sogndalsjentene kan juble etter avansement

TØFT: Sogndal J16 kunne juble etter å ha avgjort kampen mot Skedsmo 12 sekund før slutt.

Foto: Arne Eithun

Fleire lag frå Sogn og Fjordane kan juble over avansement under Norway Cup. Eitt av laga som kan juble er jentene til Sogndal 15 og 16 år som spelar 11-fotball. Dei har komme heilt til 8.-delsfinalen.

– Det har gått over all forventning heilt til no. Det har vore mange tøffe kampar. Men vi har hatt marginane på vår side, seier trenar Jan Rune Årøy.

Ein som er oppteken av fotballresultata frå Sogn og Fjordane er Stig Høynes i Haugen fotball.

– Eg har ikkje gjort noko anna enn å oppdatere resultata denne veka, seier han.

Hald deg oppdatert på resultata frå Sogn og Fjordane!

Krevjande kampar står

Tidlegare torsdag møtte jentene Skedsmo som dei vann over. No er utfordringa å nullstille seg før neste kamp som går mot Grei klokka 1830. For jentene var det ei ekstra utfordring at kampen også vart sendt på TV2 Sportskanalen.

– Dei var spente på det før kampen og høge forventningar så det krev sitt. Særleg spennande var det at kampen vart avgjort 12 sekund før slutt fekk laget inn eit langskot og vann 2 – 1.

I dei vidare kampane skal ikkje laget ha noko press på seg.

– Då tar vi kamp for kamp. Jentene har levert og prestert meir enn venta. No veit vi at det blir tøffe og jamne kampar. Så det kan vippe alle vegar.

Gutane kjempar med nebb og klør

Roy Egil Stadheim er trenar for gutar 13-laget til Vik som spelar 7-ar fotball. Dei skal no spele semifinale.

– Det er utruleg bra innsats av gutane. Dette er kjempemoro. Dei har verkeleg gjort ein kjempeinnsats.

Dei skal møte eit iransk lag i A-gruppa som heiter Danielle i kveld.

– Dei har nokre høge tal på skåringar i kampane sine, men held vi fram som vi har gjort så skal dei få kamp lovar trenaren. For hos oss er det heile laget som skårar mål, alle ledd på bana. Så vi har eit jamt godt lag.

Han understrekar at laget har lånt to spelarar frå Syril som også spelar kjempegodt.

– Men no er dei svært nervøse her dei sit, seier han kort tid før kampen blir spelt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.