NRK Meny
Normal

Fleire styremedlemmar kritiske til styreleiar Reidar Sandal

Ytterlegare to styremedlemmer i Fjord1 er kritiske til styreleiar Reidar Sandal. Ein av dei er dei tilsette sin representant i styret.

Meir kritikk mot styreleiar Reidar Sandal i Fjord1

KRITIKK: Styreleiar i Fjord1 har måtte tole mykje kritikk mot seg og leiarstilen siste tida. Reidar Sandal har tidlegare avvist alle skuldingar.

Det har storma rundt landets største ferjeselskap, Fjord1, den siste tida. Ved hjelp av interne epostar NRK har fått tilgang til, kjem det fram at det har vore konfliktar internt i styret, med sterk misnøye mot styreleiar Reidar Sandal sin leiarstil. Han blir mellom anna skulda for å vere altfor autoritær og for å ikkje gjere seg bruk av viktig kompetanse i styret.

I ein annan epost blir det påstått at selskapet manglar kompetanse på ei rekkje felt og at Fjord1 er i djup krise. Det enda til slutt med at dei to styremedlemmene Eva von Hirsch og Lars Pamer trekte seg i protest frå styret. Reidar Sandal sjølv har heile tida avvist skuldingane mot seg.

Atle Olav Trollebø er sit som dei tilsette sin representant i Fjord1 sitt styre.

KRITISK: Styremedlem, Atle Olav Trollebø, sit i Fjord1-styret som dei tilsette sin representant. Også han er kritisk til Reidar Sandal sin leiarstil.

Foto: FJORD1

To nye epostar

No viser det seg at ytterlegare to andre styremedlemmer er kritiske til Sandal. Den eine er Atle Olav Trollebø, ein av dei tilsette sine representantar i styret. I eit svar til Lars Pamer sin epost, der Pamer kjem med sterk kritikk av Sandal, skriv Trollebø mellom anna: "Støtter deg i dette. Det er godt skrevet". Eposten frå Trollebø vart skriven den 27. mars.

Felles pressemelding

Fjord1 er eigd av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, 59 prosent, og Per Sævik, 41 prosent. Onsdag kveld sende eigarane ut ei felles pressemelding der det mellom anna heiter: "Eigarane er samde om å sjå framover med tillit til eit oppegåande og fungerande styre som i desse dagar vil bli supplert med to nye, kompetente og erfarne styremedlemmar".

Sævik kritisk

Sjølv om også Sævik-familien stiller seg bak formuleringa i pressmeldinga, er NRK kjend med at Sævik-familien har vore kritiske til Sandal sin måte å leie styret på. I ein epost frå Vegard Sævik, son til Per Sævik, skriv han mellom anna følgjande om kva som bør gjerast for å forbetre styrearbeidet:

"Videre så tror jeg styret og styrets arbeid hadde hatt godt av en litt mer diskuterende tilnærming til styremøtene. Det må være lov å stille avklarende spørsmål underveis både i presentasjoner og i diskusjoner underveis. En høyere grad av diskusjon og meningsutvekslinger gjør at kompetansen som befinner seg i styret kommer til nytte".

Vil ha fleire styremøter

Vidare skriv han: "Jeg føler også at vi må sette av nødvendig tid/ha flere styremøter, slik at vi har tid til å gjennomarbeide sakene i styret. Det fremstår for meg som at en del saker ikke får den behandling som vi egentlig har bruk for, siden vi har stor saksmasse og kort tid på hvert styremøte". Eposten frå Sævik vart skriven 7. april.

Blir jobba i kulissane

Etter det NRK kjenner til, blir det no jobba i det politiske miljøet i fylkeskommunen for å finne meir ut av kva som har skjedd i denne saka. Fylkesutvalet har Fjord1-saka på sakskartet allereie 4. juni. Eit eventuelt skifte av styreleiar i Fjord1, vil formelt først kunne skje på ei ekstraordinær generalforsamling i ferjeselskapet.

Usemje også om økonomi

I ein epost frå avgått styremedlem Lars Pamer går det fram at det også er usemje om økonomiske forhold i selskapet. Fjord1 presenterte nyleg eit årsresultat på 24 millionar kroner for 2013, eit resultat Pamer hevdar ikkje er korrekt. Ifølgje Pamer er det reelle årsresultat på minus 107 millionar kroner.

Han påpeikar at heile det norske kredittsystemet byggjer på at låntakarane ikkje manipulerer rekneskapsdata for å oppnå gunstige rammevilkår eller ytterlegare kreditt. Fjord1-eigarane har på si side avvist at årsresultat er oppblåst, og viser til at eit overskot på 24 millionar er korrekt. Finanstilsynet vurderer å sjå på om revisorselskapet har gjort jobben sin i samband med revisjonen av Fjord1-rekneskapen.

Sandal har avvist påstandane

Reidar Sandal har tidlegare avvist påstandane både om at Fjord1 skal vere i krise, at leiarstilen hans ikkje er god og at Fjord1 sitt årsresultat for 2013 er oppblåst. Det har ikkje lukkast NRK å få Reidar Sandal i tale.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.