Hopp til innhold

No har også haustbarna rett på barnehageplass

I fleire kommunar er barnehagane fulle etter ei lovendring har gjort at fleire barn har rett på barnehageplass.

Anette Uglum Neset

BARNEHAGEJENTE: Anette Uglum Neset håpar dei snart får svar frå kommunen om dei får barnehageplass i august når dottera Tuva Olava fyller eitt år.

Foto: Sigrid skjerdal / NRK

I eit rekkehus i Tuva Olava ute på utforskingsferd i stova. Dei små hendene klamrar seg til sofa og bord, medan mor Anette Uglum Neset heldt eit vaktsamt auga på ferda.

– Ho beveger seg så fort, du anar ikkje, seier Uglum Neset.

Ei og ei halv veke står att av mammapermisjonen. Så tek far over, fram til Tuva Olava fyller eitt år.

Dei unge foreldra søkte innan fristen om barnehageplass. I første omgang var det ikkje plass til Tuva Olava, og sidan har foreldra opplevd at dei har fått lite informasjon om kva som skjedde med saka.

– Vi har gått i uvissa i fleire månadar, om vi vil få plass i det heile, fortel Anette Uglum Neset.

Kjørnes barnehage

POPULÆRT: Sogndal har hatt god befolkningsauke, og store barnekull. Der er barnehagane fulle.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Fleire har rett på plass

– Det er ingen tvil om at det er ein krevjande situasjon per dags dato å ikkje kunne gi klarheit til søkarane om kva barnehage dei kan få plass i. Det vi veldig gjerne ha gjort, seier Karin Johansen som er tenesteleiar for barnehage i Sogndal kommune.

Ho seier at kommunen har sendt ut mail til personane på venteliste om at dei er garantert barnehageplass, sjølv om dei ikkje har fått plass enno.

Sogndal er ein kommune i vekst, og dei som jobbar med barnehage har følgt med på prognosane for befolkningsvekst i fleire år.

Dei var også budde på auken i talet på søkarar når haustbarna også fekk lovfesta rett til barnehageplass, meiner tenesteleiaren for barnehage.

– Det er planlagt ny barnehage i Sogndal, men det har blitt utsettt. Difor utvida vi med ei avdeling på Ylvisåker. Vi tenkte det ville dekke godt nok opp i år, seier Johansen.

Etter første opptak stod 20 barn på venteliste. No er dei nede i 10, og erfaringsmessig brukar det å gå i orden, seier Johansen.

– No fram mot sommaren skjer det ofte endringar. Så vi kan garantere at alle som har rett på det, får plass.

Ikkje alle får plass der dei vil

Også i Stryn har kommunen hatt utfordringar med å gi barna plass der foreldra ynskjer etter lovendringane tredde i kraft.

– I utgangspunktet har vi plass til alle som har rett på det. Men sidan haustbarna også har rett på plass no, så har vi problem med å få alle inn i den barnehagen dei ynskjer, fortel Malin Carlson som er tenesteleiar for barnehage i Stryn kommune.

Der ventar dei litt med dei siste tildelingane for å få oppfylt foreldra sine ynskjer så langt som råd.

Fulle barnehagar gir kommunane ein komplisert kabal å løyse. Samstundes er det eit luksusproblem.

– Slik sett er det ei hyggeleg sak å jobbe med for oss, seier Karin Johansen i Sogndal.

For Anette Uglum Neset og dottera Tuva Olava håpar kommunen snart kjem i gang med ny barnehage.

– Men først og fremst håpar eg at vi får vite om vi får plass snart. Og kanskje kommunen er litt betre budd til neste kull.