Hopp til innhold

Fleire kommunar manglar hurtiglading: – Vi treng ei kraftig utbygging

FØRDE (NRK): Elbilforeningen meiner tilbodet for hurtiglading bør byggast kraftig ut i åra som kjem. Særleg i utkantkommunar kan det vere vanskeleg å vere elbilist.

Hurtiglading, Førde

HURTIGLADING: Fleire kommunar i Sogn og Fjordane manglar hurtiglading for elbil. I Førde er det berre éin ladestasjon.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

I dag finst det 69 offentleg tilgjengelege hurtigladarar i Sogn og Fjordane. Leiar for kommunikasjon i Norsk Elbilforening, Unni Berge, meiner dette talet må auke.

– Det er ei god byrjing, men det vi veit er at elbil-salet no tek av, og vi kjem til å få fleire tusen nye elbilar på vegane fram mot 2025, seier ho.

Elbilar utgjorde 34 prosent av nybilsalet i fylket i første kvartal i år. I fjor var det 20 prosent. I 2025 ventar Elbilforeningen at det vil vere 25.000 elbilar på vegane i fylket, som vil trenge 200 stasjonar for hurtiglading.

– Då treng vi ei kraftig utbygging av infrastruktur, slik at folk kan bruke elbil som ein vanleg bil.

– Må planleggje

Astrid Simengård og familien er på bilferie med elbil. Etter å ha køyrt frå Bergen sit dei og et lunsj utanfor Coop Extra i Førde når NRK møter dei.

– Til no har det gått veldig bra. Det er bra med ladestasjonar, og eigentleg heilt greitt.

– Må de planlegge ferien utifrå kvar det finnast ladestasjonar?

– Ei viss planlegging må til. Vi må jo gjerne stoppe og ta pausar der det finnast ladestasjonar. Elles ville vi kanskje ha stoppa ved eit vatn og bada, men det går jo ikkje, seier Simengård.

I sju kommunar i Sogn og Fjordane finnast det i dag ikkje offentleg tilgjengelege hurtigladarar.

– Vi meiner det bør vere ei viktig prioritet for samfunnet at alle kommunar skal vere dekka av hurtigladarar, seier Berge.

Simengård, Førde

LUNSJ: Astrid (f.v.), Tori, Per Kristian og Erik Simengård et lunsj medan dei ventar på at bilen skal lade.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK

– Vanskeleg med lang avstand

Simengård trur òg det kan vere vanskeleg for dei som eig eller ferierer med elbil i kommunar utan hurtiglading.

– Viss det blir for langt mellom ladestasjonane blir det vanskelegare, ja. I elbilpolitikken har vi mange fordelar, men ein del av ei kunne vi ha bytt vekk mot betre lademoglegheiter, seier ho.

Berge peikar på at det er viktig med stor ladekapasitet på viktige utfartsstadar, slik at bilistane slepp å stå i ladekø. Ifølgje Simengård har ikkje ladekø vore eit særleg stort problem for dei enno.

– Vi må ikkje stå i kø veldig ofte, men enkelte gongar. Vi prøvar å planlegge slik at vi kan køyre til neste ladestasjon om det er kø. Vi prøvar òg å komme til stadar der det er meir enn ei lademoglegheit.

– Treng støtteordningar

For at det skal komme fleire hurtigladarar meiner Berge at regjeringa og fylka først må legge ein plan for korleis utbygginga skal vere. Kommunane må også legge til rette for areal, og ha eit godt samarbeid med kraftoperatørane.

– Vi meiner òg at ein i ein del utkantkommunar treng å ha nokre støtteordningar, for å sikre utbygginga av infrastrukturen. I byrjinga vil kanskje ikkje utbygginga vere lønnsam, men det er viktig for at folk skal tore å kjøpe elbil.

I dag kan ein til dømes søkje Enova om tilskot til å bygge ladestasjonar. Seniorrådgjevar Arnt-Gunnar Lium opplyser at dei i år har gitt tilskot til utbygging i to av kommunane som manglar hurtiglading i dag, Bremanger og Vik. Berge trur utbygging i distrikta er viktig for at desse kommunane skal trekkje til seg elbilturistar i framtida.

– Det kan i alle fall vere ei utfordring i åra som kjem. Undersøkingar vi har gjort blant våre medlemmar viser at stadig fleire brukar elbilen som feriebil. Då vil tilgang til lading kunne avgjere kva ferieturar ein vel å reise på, seier ho.

Elbilar Førde

PÅGANG: Det var fleire elbilar ved den einaste ladestasjonen i Førde då NRK var innom.

Foto: Bendik Reed Årvik / NRK