Hopp til innhold

Kommunar kan bli splitta i ulike storkommunar – regjeringa seier OK

Kommunereforma tvingar fram nye storkommunar der fleire kommunar kan bli oppdelte i kvar sin storkommune.

Sogn og fjordane

– Det klare målet for Selje er at vi skal stå samla inn i ei kommunesamanslåing. Men vi kan ikkje avskrive mogelegheita for at kommunen blir delt, seier ordførar i Selje, Stein Robert Osdal.

Heilt sidan Vågsøy vart skilt ut frå Selje kommune i 1910 har Selje vore ei kommune som i dag, med unnatak av ei mindre justering på 60-talet. Men resultatet av kommunereforma kan bli at den langstrakte kommunen blir oppdelt.

Ser i ulike retningar

For medan folk på Stadlandet lett ser nordover, vil andre i Selje lettare sjå sørover. I valkampen sa mellom anna Frp sin ordførarkandidat, Marita Aarvik, at ei deling av Selje kanskje var like greitt.

Stein Robert Osdal (KrF), ordførar i Selje.

KAN BLI DELT: Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal, ser at kommunen kan bli delt med dei to utgreiingane i kommunen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg veit ikkje om det er det største problemet, om ein kommune blir delt. Det må vere det som er best for folket, sa ho då.

Slik er også stoda fleire stadar i fylket. I Jølster har venstrepolitikar Judith Kapstad i avisa Firda teke til orde for ei deling av Jølster om ein ikkje samla går inn i ei storkommune kring Førde.

I Balestrand gjer skulestrid sitt til at det alt no er aktuelt med ei deling, og i Askvoll seier leiar i Førdefjorden Vel, Pierre Unemo, at det slett ikkje er sikkert at folk ved fjorden vil gå med på ei løysing som ikkje inneheld Førde.

– For vår del så har vi kanskje ikkje så stor tilknyting til Fjaler eller Dale slik det er i dag. Det er mange som jobbar i Førde og pendlar dit dagleg, seier han.

– Blir opp til kommunane å avgjere

No seier også statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet Jardar Jensen frå Høgre at det skal vere lett å kome med lokale innbyggarinitiativ om skifte av kommunegrenser.

– I kommunereforma er det opna for at kommunegrenser kan teiknast på nytt og ikkje berre fjernast. I utgangspunktet er det kommunane sjølve som må finne dei gode lokale løysingane.

– Så dette blir opp til lokalpolitikarane sjølve å finne ut av?

– Ja det er fullt mogeleg å gjere det. Men det er viktig at innbyggjarane sitt syn kjem klart fram slik at kommunestyret veit kva dei har å halde seg til når dei skal gjere sine vurderingar, seier Jensen.

Håpar kommunen vil stå samla

Tilbake i Selje har kommunen nyleg invitert til ei utgreiing mot Vanylven, Sande og Herøy i tillegg til Vågsøy i sør, i tillegg vert det greia ut alternativ innover mot Eid og sørover mot Vågsøy. Ordførar Stein Robert Osdal ser at det er ulike meiningar alt etter kor folk bur.

– Med dei to utgreiingane vil vi kanskje oppleve at kommunen går to vegar.

Likevel ynskjer Osdal at Selje går samla inn i ei eventuell ny storkommune.

– Ein kommune har ei felles historie og ein felles kultur. Det ligg i naturen at vi bør ha det som mål.