Hopp til innhold

Fleire klubbar er intresserte i Sogndalsbacken Taijo Teniste

Taijo Teniste kan vere på veg vekk frå Sogndal Fotball. Den estiske landslagsbacken er på utgåande kontrakt, såkalla «Bosman-spelarar» og har fleire alternativ når han no vurderer si eiga framtid.

Taijo Teniste

VURDERER FRAMTIDA: Taijo Teniste er på utgåande kontrakt, og ar fleire alternativ.

Foto: Christian Blom / NRK

Sundag sat 27-åringen på benken då Sogndal i går slo Sandnes Ulf 2–1 og stadfesta seriemeisterskapen.

Trenar Eirik Bakke ynskjer at estlendaren er ein som blir med vidare.

– Vi har sagt at vi ynskjer han med vidare, og så får tida vise kva som skjer.

Teniste stadfestar overfor NRK at han har fleire klubbar å velje mellom, men vil ikkje seie noko om kva klubbar det er tale om.

«Bosman-spelar»

– Alle spelarar som er «Bosman-spelarar» og som spelar landskampar har mange tilbod, seier Bakke.

Eirik Bakke

VIL BEHALDE TENISTE: Sogndal-trenar Erik Bakke.

Foto: Steinar Lote / NRK

Bakke gjer alt for å behalde Teniste, men innser at Sogndal blir små dersom det kjem klubbar med høgare sportsleg nivå, og større økonomiske musklar.

– Men som sagt Taijo er ein vi ynskjer å ha med vidare, han er ein internasjonal referanse for dei andre spelarane. Men vi er Sogndal, og vi veit at spelarar går vidare.

– Kor store er sjansane for at han er i Sogndal også til neste år?

– Vi får bruke desse vekene no, og sjå kva som er mogleg, seier Bakke.