Hopp til innhold

Fleire kjøper truger

Mange nordmenn har bytt ut skia med truger når dei skal ut i vinternaturen.

Nordmenn byter ut ski med truger.

UT PÅ TRUGETUR: Foto: Stine Kyrkjebø Johansen.

På 1990-talet sleit norske sportsbutikkar med å selje 50 par truger i året. I 2016 reknar dei med å passere 15 000.

Johnny Flaten er lærar på fotolinja på Sogndal folkehøgskule, og han vel ofte truger når han skal ha med seg elevar ut på tur.

Johnny Flaten

– LETT Å KOME SEG UT: Johnny Flaten er lærar på Sogndal folkehøgskule.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er ulike ferdigheiter, nokon er gode på ski, andre mindre gode. Truger er noko alle kan beherske. Det er lett å kome seg ut, anten det er lite eller mykje snø.

På skulen er det klassesett med truger, og dei blir brukte av både friluftslinja og fotolinja.

– Meir sosialt

Flaten trur det auka salet av truger vil føre til at endå fleire kjem seg ut i naturen.

– Det er ikkje alle som er like gode på ski. Og no får du alle typar truger, med broddar og alt mogeleg. Nokon brukar dei til trening, såkalla runnertruger, andre til toppturar, dei sleng brettet på ryggen og køyrer på det nedatt.

Madelene Losvik er ein av elevane som er med på trugetur. Ho har bak seg ein tur til fjellet Fivla i Luster og meiner trugene gjer at dei blir meir samla enn om dei hadde gått på ski, og det dermed blir meir sosialt.

– Hadde vi gått på ski hadde enkelte teke seg kjapt nedatt, medan resten ville ligge meir eller mindre strødd nedetter. Eg er ei av dei som er veldig flink til å falle på ski. Men i djup snø er det litt tungt å gå med truger, difor må vi skifte litt på å gå først.

Truger

LETTE Å GÅ MED: Moderne truger er mykje lettare å gå med enn tidlegare modellar.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Terrenget veks att

Kurt Kvam på Intersport i Sogndal har registrert den auka interessa for truger.

– Det har litt samanheng med at terrenget veks att, då blir det litt vanskelegare å bruke ski. Folk kvir seg litt for å køyre nedatt når det er tett med tre og busker. Med truger kan du gå nedatt. Og alle truger har stegjern under, så du kan gå også når det er lite snø.

Han seier at trugene er blitt utvikla ein god del dei siste åra.

– Det var mykje tyngre å gå med dei gamle trugene. Dei nye er ledda, slik at tuppen automatisk blir løfta over snøen. Dei er veldig lette å gå med.

I fjor hadde Intersport ein auke på 150 prosent i trugesalet, Kvam meiner dei selde mellom 70 og 80 par.