Rettssaka mot lakseeksportør Jarle Kvalheim frå Måløy har no vart i åtte dagar i Nordfjord tingrett. Kvalheim er blant anna tiltalt for momssvindel på 293 millionar kroner.
Fleire vitne har forklart seg i saka, og ein av dei personane som er nemnt fleire gonger i løpet av rettssaka er kona til Jarle Kvalheim. I følgje Kvalheim kjente ho til innhaldet i avtalen med Pan Fish, der det vart gjort forsøk på å kamuflere kjøpesummen for to oppdrettsanlegg. Kona til Kvalheim var også tilstede på eit møte i Moss der dei diskuterte avtalen med Pan Fish med sin eigen revisor.
Økokrim meiner avtalen som vart inngått var eit forsøk på å unndra beskatning. Kona til Kvalheim har også utført transaksjonar Økokrim meiner er tvilsame, og dette er noko av grunnlaget for at førstestatsadvokat Petter Nordeng vurderer å tiltale kona til Jarle Kvalheim.
Ho har tidligare nekta å forklare seg både for politiet og retten.
Dei to andre som er sikta i saka i tillegg til ekteparet Kvalheim, er ein revisor i Moss og svogeren til Kvalheim. Også dei to risikerer å bli tiltalt i saka, seier førstestatsadvokaten.
Petter Nordeng understrekar også at fleire av dei tidligare tilsette i selskapet OK-Fish Kvalheim er mistenkte, og at han også vil vurdere den rollen dei har hatt i saka når han er på plass igjen på kontoret i Oslo.
Nordeng kjem ikkje til å vente på utfallet av saka mot Jarle Kvalheim. Han vil allereie i neste veke starte vurderingane av om dei skal tiltale fleire i saka.
Jarle Kvalheim har i retten sagt at han åleine stod bak momssvindelen, og han har erkjent å ha fått tilbakebetalt 275 millionar kroner i meirverdiavgift som han ikkje hadde krav på.