Hopp til innhold

Fleire innbrot i Førde

Éin person er pågripen etter fleire innbrot i bilar, buer og hus i Førde i går kveld og i natt. Korleis innbrota har skjedd og kor mykje som er stole frå husa, er førebels uklart, seier Tone Stien, fungerande etterforskingsleiar ved Førde og Naustdal lensmannskontor.