Hopp til innhold

Fleire i fyllearresten

I Florø vart ein mann i 30-åra i natt sett i fyllearresten av politiet. Han hadde funne vegen til eit hotell i byen, men den rusa gjesten vart erklært uønskt. Tidlegare på kvelden møtte ei kvinne i 40-åra same skjebne etter ein krangel på ein privat stad. I Førde vart ein gut politimeld for å ha vist falsk legitimasjon ved ein utestad. I Høyanger vart ein mann henta av politiet etter å ha skapt bråk på ein utestad.