NRK Meny
Normal

Fleire hus i Førde skadde av lynnedslag

Bebuarane i to hus i Vieåsen i Førde måtte flytte ut etter at lynet slo ned i fleire hus måndag kveld. Over tusen husstandar var ei tid utan straum i Førde på grunn av uver.

Brann i Vieåsen

BRANNUTRYKKING: Varmepumpe treft av lyn i Vieåsen.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

– Det ser ut til at det er ei varmepumpe i Tiriltunet i Vieåsen i Førde som har fått seg ein smell. Dei som er på staden seier det ikkje er opne flammar eller røyk, seier operatør Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Florø.

Det er også meldt om ein automatisk alarm frå Tusenfryd barnehage i same området.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Harald Halvorsen filma det kraftige lynnedslaget i Førde med videokamera.

Kraftig lynnedslag

– Fleire i området har og ringt og fortalt at lynet vore så kraftig at stikkontaktar har hoppa ut av veggen, så dette må brannmannskapa og kraftlaget sjekke før straumen blir kopla på igjen, seier Aune.

Kristoffer Wettby er ein av dei som opplevde torevêret på kroppen.

Kristoffer Wettby

LYNNEDSLAG: Kristoffer Wettby.

Foto: Lars Petter Degnepoll / NRK

– Eg fekk støyt frå ein kabel som låg i sofaen der eg låg, og så blei alt mørkt. Det var litt skummelt eg trudde nokon hadde skada seg men det hadde ikkje skjedd noko.

Han fortel at dei såg ein kraftig lysglimt og at lynnedslaget var så kraftig tilkoplinga for nettkabelen fauk ut av veggen.

– Pc min og pc-en til kameraten er øydelagde og luktar brent fleire stader i huset. Det er ikkje så kjekt akkurat.

To hus fråflytta

– Du såg at leidningar blei svidde?

– Nei, men eg brukte lommelykta på mobilen og då såg eg at det var svidd på veggen fleire stader. Sikringsboksen luktar svidd om berre det.

Klokka 23:30 melder politiet at to husstandar er fråflytta som følgje av lynnedslaget. Det var store skadar på det elektriske anlegga i husa.

Ein periode hadde også AMK i Førde problem med telefonane, men når NRK var i kontakt med dei klokka 22.25 hadde dei akkurat fått opp igjen telefonane slik at dei kan nåast på naudnummera igjen.

Mange utan straum

Når det gjeld straumbrotet seier Oddvar Hatlem, som er nettsjef i Sunnfjord Energi, at det truleg er ein trafostasjon øvst i Vieåsen som er råka av lynet.

– Om lag 1050 abonnentar i Vieåsen er no utan straum

Fleire hus har fått skadar av lynnedslaget og det er førebels uvisst når straumen kan vere tilbake i området.

– Før vi kan kople på igjen straumen må vi forvisse oss om at vi har fått kopla ut alle husa som har fått skadar, og det kan gå ei stund. Kor lenge torer eg ikkje seie noko om no, seier Hatlem når NRK snakkar med han klokka 22:30.

Straumen tilbake

Klokka 23:10 melder Sunnfjord Energi at dei fleste har fått straumen tilbake, og berre 200 abonnentar som framleis er utan straum i Førde.

SISTE: Klokka 00:10 melder administrerande direktør i Sunnfjord energi, Fredrik Behrens, at alle abonnentane i Vieåsen har fått straumen tilbake. Men 13 hus har fått direkte, større skader og er kopla ut av straumnettet. Der må forsikringsselskap og installatørar gjere jobben i husa før dei kan kome inn på nettet.

120 abonnentar i Angedalen er framleis utan straum ved midnatt, og der vil energiselskapet jobbe gjennom natta for å få straumen på plass att.

Folk i Fjaler, Hyllestad og Solund har straum, men Behrens melder at dei er på ei reserveløysing, noko som ikkje er ideelt. Folk i desse kommunane blir bedne om å spare på straumen. Også dette vil kraftselskapet prioritere å ordne raskast mogleg.