Hopp til innhold

Fleire hundre møtte opp på 100-årsjubileet

I år er det 100 år sidan 1. mai vart feira i Høyanger for første gong, og dagen er minst like viktig i dag som den gong, slår LO-sjefen i Ytre Sogn fast.

Feiring av 1. mai i Høyanger 2016
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Tradisjon tru vart arbeidarane sin dag markert over heile landet, også i Sogn og Fjordane.

I Høyanger gjekk rundt 300 personar i tog gjennom gatene, og mange møtte opp for å sjå på dei tre toga, frå morgon til ettermiddag, og få med seg talar og appellar. LO-sjefen i Ytre Sogn, Lars Kjetil Skeie, er ikkje i tvil om at 1. mai framleis er ein viktig dag.

– Ja, det er ikkje noko å diskutere, seier han.

– Gode tradisjonar

Ekstra spesielt for industristaden var at det i år var 100 år sidan første gong 1. mai vart feira. Det vart markert mellom anna med at leiaren i Høyanger Kjemiske Fagforening, Billy Fredagsvik, tok talarstolen som hovudtalar.

– I Høyanger har vi gode tradisjonar på 1. mai. Og litt av grunnen til å velje Billy Fredagsvik som talar, var at det var Høyanger Kjemiske Fagforening som starta med feiringa av 1. mai for 100 år sidan, seier Skeie.

Fredagsvik la ikkje skjul på misnøya over regjeringa sin politikk når det gjeld mellom anna trepartssamarbeid ved lønsoppgjer, og tvungen lønsnemnd.

– Kampen for fagforeiningane er viktigare enn nokon gong.

I tillegg heldt Grethe Apalseth i Norsk Folkehjelp appell i Høyanger, om flyktningpolitikk og integrering.

Markering fleire stader

Også i Lærdal møtte folk opp for å markere dagen. Kring 60 personar deltok i toget, samt kosa seg med kake, kaffi og lotteri.

– Vi hadde ein veldig fin dag her i Lærdal, seier leiar i Lærdal Arbeidarparti, Inger Bakken.

Hovudtalar var Marie-Helene Hollevik Brandsdal, som er leiar i Årdal Arbeidarparti. I tillegg vart det heldt fleire appellar.

– Vi snakka mellom anna arbeidsmiljølova, om flyktningsituasjonen og om lokale saker i tilknyting til mellom anna kommunereform. Eg føler 1. mai framleis er like viktig som før. Det er mindre oppslutning, det er det, men dei som kjenner tilhøyrsle, dei møter opp, fortel Bakken.

Det vart også eit stogg med toget utanfor aldersheimen, der Lærdal musikklag spelte for dei eldre, og Bakken med fleire delte ut roser til bebuarane.

Helikopterulukka på Turøy ved Stord vart også markert.

– Vi tende lys og var stille i eitt minutt. Vi vart oppfordra av Arbeidarpartiet til å ha ei minnemarkering, så det reknar eg med vart gjort fleire stader, seier Bakken.

Også i Førde vart dagen markert på tradisjonelt vis med talar, appellar og tog.