Hopp til innhold

Fleire hundre i tog for skulen

Mellom 500 og 700 deltok i 1. mai-toget i Høyanger. Dei aller fleste gjekk under parolen om å bevare den vidaregåande skulen.

Trass i dårleg vêr vart det god oppslutnad rundt 1. mai-markeringa i Høyanger onsdag. Ordførar Petter Sortland fortel at bygda har lange tradisjonar på 1. mai, og sjølv om vêret kanskje la ein liten dempar på stemninga, øydela det absolutt ikkje dagen. I år var det skulesaka som var sentral.

Mellom 500 og 700 frammøtte

– Det har vore ein fantastisk flott dag i Høyanger. Ikkje vêrmessig, men med tanke på oppslutnaden. Eg er sikker på at det har vore ein plass mellom 500 og 700 deltakarar i toget, kanskje fleire. Og eg vil påstå at i år gjekk brorparten under parolen om å bevare Høyanger vidaregåande skule. Så det var heilt tydeleg kva lokalsamfunnet meinte om den saka, seier Sortland til NRK.

Etter at folk i Høyanger hadde gått tog, gjekk dei innandørs for talar og appellar. Sortland fortel at det var ei intim stemning i Høyanger under årets 1. mai-feiring.

– Når så mange møter så er stemninga både intim og intens. Den vedvarande kampen rundt den vidaregåande skulen er den viktigaste saka. 1. mai i 2013 er nok prega av skulekampen som går føre seg i fylket.

– Betyr mykje å komme saman

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland

KJEMPA FOR SKULEN: Ordførar Petter Sortland i 1. maitoget i Høyanger.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Sortland trur 1. mai har betydd ekstra mykje for lokalsamfunnet i Høyanger i år. Sjølv har han fått ny giv til å kjempe for den vidaregåande skulen.

– Det å få komme saman, få snakke om det, bryne litt argumentasjon og sjå at unge og eldre bryr seg om den vidaregåande skulen, er for oss som står midt oppi det til dagleg veldig motiverande. Det gir ny energi til å stå på heilt fram til Fylkestinget skal gjere vedtaket sitt i juni, seier Høyanger-ordføraren.

Han har også tru på at engasjementet blant folk i Høyanger vil gjere utspel når avgjerda skal takast om vel ein månad.

– Det er eit utslag av at folk bryr seg og er engasjert, og at dei synest det er urettferdig at Høyanger vidaregåande skule har kome på kuttlista. Skulen er limet i lokalsamfunnet, og folk er veldig redde for at vi skal miste den også. Vi føler vi har mista nok den siste tida om vi ikkje også skal miste skulen vår.

Vil bevare norsk kraft

Men det var ikkje berre snakk om skulestruktur på 1. mai-feiringa i Høyanger, sjølv om det var det som stod høgst på agendaen. Også bevaring av norsk kraft i Norge vart tema under markeringa.

– LO Ytre Sogn hadde fått tak i ein utmerkt talar, leiaren i Energi- og industriforbundet i LO, Leif Sande. Hovudappellen hans var at vi skulle bevare norsk kraft heime, og ikkje eksportere all kraft til utlandet og bruke den der, fortel Sortland.