Hopp til innhold

Fleire hundre demonstrerte i Washington mot norsk barnevern

Fleire hundre demonstrantar samla seg i dag ved den norske ambassaden i Washington som ein protest mot ei barnevernsak frå Sogn og Fjordane. Dei overleverte fleire tusen underskrifter til ambassaden.

Barnevern-demonstrasjon i Washington DC

STOR DEMONSTRASJON: Fleire hundre menneske demonstrerer fredag mot styresmaktene i Norge i samband med ei barnevernsak i Sogn og Fjordane.

Foto: Credo-TV

På begge sider av Massachusetts Avenue, mellom ambassaden og visepresidenten sin residens, blei gatene fylt opp av folk som protesterte høglytt.

– Vi har blitt orientert både av pinsemenigheita i Chicago som koordinerer og organiserer demonstrasjonen og av Secret Service som har gjeve løyve til at 300 personar kan demonstrere foran ambassaden, seier Jon Åge Øyslebø, ambasseråd for kommunikasjon og kultur, til NRK.

Han opplyser at Chargé d’affaires Lajla Jakhelln møtte demonstrantene i ambassadør Kåre Aas sitt fråvere og tok imot et opprop til norske styresmakter, samt ei liste med 6000 underskrifter fra personer i USA og ca 50.000 samlet elektronisk internasjonalt.

Fråtekne fem born

Saka som vekkjer slik merksemd er ei barnevernsak frå Sogn og Fjordane. Ein norsk-rumensk familie har mista omsorga for fem born og foreldra er sikta av politiet for bruk av vald i oppdraginga.

Familien sine støttespelarar meiner Norge vil nekte borna ein kristen oppvekst, og i rumenske miljø og i pinsemenigheiter verda over har saka ført med seg opprop og epost-aksjonar retta mot norske styresmakter.

– Vi har fått eit ganske stort tal epostar frå personar som uttrykkjer uro i denne spesielle saka, seier Øyslebø ved ambassaden i Washington.

Demonstrasjon Washington DC

FYLLER FORTAUA: Demonstrantar utanfor den norske ambassaden fredag.

Foto: credo.tv

Stort press mot kommunen

Rådmannen i den aktuelle kommunen seier til NRK at dei opplever ein massiv pågang. SMS-ar, e-post, brev, postkort og telefonoppringingar.

Alt frå mjuke oppmodingar, til meir trugande ordelag. Rådmannen seier det er spesielt ubehagleg at tilsette i kommunen blir nemnde med namn.

– Eg har aldri opplevd liknande pågang, seier rådmannen til NRK.

Vil møte demonstrantane

Demonstrasjonen i den amerikanske hovudstaden starta klokka 9.30 lokal tid, og var venta å vare i tre timar.

– Vi har ikkje tenkt å gå i dialog eller kommentere denne konkrete saka. Vi vil vere opne, vi vil gå ut og møte dei, fortel ambassaderåd Øyslebø.

Vil få fram norsk syn

Han legg vekt på at ambassaden er opptekne av å få fram at det å plassere barn i ein fosterheim er og skal alltid vere siste utveg.

– Vi er også opptekne av å få fram at barnevern i Norge er lovregulert og at det på ingen måte er ein institusjon som lever sitt eige liv.

NRK har ei rekkje gonger forsøkt å få den aktuelle familien i Sogn og Fjordane i tale, men førebels vil ingen i familien kommentere saka.

Irland - demonstrasjon mot barnevernet i Norge

DUBLIN FREDAG: Fleire hundre møtte også opp under ein tilsvarande demonstrasjon i Dublin i Irland fredag.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side

Mange demonstrerte i London