Hopp til innhold

Fleire hotell i fylket er til sals: – Ikkje mange som driv med suksess

Å drive hotell i distrikta kan vere krevjande. No ligg fleire hotell i Sogn og Fjordane ute for sal.

Eivindvik Hotell

GULATING: Eit av hotella som er til sals i fylket er Gulating Hotell i Eivindvik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Blant hotella som er til sals er Mundal, Tørvis og Gulating Hotell. Laila Indrebø er dagleg leiar for sistnemnde. Ho fortel at dei overtok hotellet hausten 2006, og starta drifta året etter. Sidan har besøkstala vore varierande.

– Vi var interesserte i dette området fordi det var ein spennande framtid for tusenårsstaden til Sogn og Fjordane. Besøkstala har kanskje gått ned litt over tid, særleg fordi det ikkje har vore så stort fokus på tusenårsstaden som vi forventa.

Indrebø fortel at besøkstala deira om somrane har vore gode for restaurantdrifta, men at dei har hatt færre overnattingsgjestar enn dei kunne ønskje. Dei er heller ikkje det einaste hotellet i fylket som slit med dette.

– Det er ikkje mange hotell som driv med suksess i fylket vårt. Vi veit at det er mange andre hotell som er til sals, seier ho.

Vil føre bygningane vidare

No håpar Indrebø at yngre krefter kan ta over hotellet. Ho trur det er viktig at dei som tek over er glade i både distriktet, natur og folk om dei skal klare å halde fram hotelldrifta.

– Dei som vil drifte hotellet her lyt samarbeide med andre. Dei lyt ha gode mål og vere veldig opptekne av kostnadssida og slik at ein ikkje drive eit hotell som ikkje er berekraftig.

Indrebø peikar også på at eventuelle kjøparar ikkje nødvendigvis treng å bruke eigedomen til hotelldrift.

– Vi sel primært eigedom som kan nyttast til forskjellige ting. Vi ønskjer å bli kontakta av dei som er villige til å sjå på bygningane og finne ein måte å føre dei vidare på.

– Marknaden er tøff

Preben Moen er driftsleiar i Classic Norway Hotels, som han sjølv selde Gloppen Hotell til i fjor. Han seier at det å selje eit hotell er ei blanding av kjensler og eigedom- og næringsutvikling. Verdien av eit hotell er som regel basert på leigeinntektene.

Administrerande direktør ved Gloppen hotell, Preben Moen

TØFF MARKNAD: Preben Moen seier marknaden for fleire av hotella som er til sals er tøff.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det er nok mange av dei hotella som ligg ute for sal som har generert lite husleige, som gjer det vanskeleg å få banken til å lånefinansiere eit slikt kjøp. I tillegg er det ofte store renoveringsjobbar som må gjerast for å få dei opp til den standarden gjestane krev.

Ifølgje Moen vil det vere ekstra krevjande å selje eit hotell som berre tener pengar om sommaren.

– Marknaden er generelt tøff for dei som kanskje har ope berre tre månader i året, og skal dekke inn eit heilt år med det. Det er ein krevjande prosess, og ein må prøve å skape eit heilårshotell for å vere attraktiv for ein investor.

– Må halde høg kvalitet

For å drive hotell i distrikta meiner Moen det er særleg viktig å trekkje til seg kundar som er villige til å betale.

– Ein må halde ein kvalitet som er høg nok til at turistane er villige til å betale for det. Ein må òg jobbe spesielt med mat og drikke. Til dømes lokal mat og vegetarisk mat blir meir og meir trendy.

Moen trur òg at fleire av dei som kjøper hotell kan verte overraska over kor mykje arbeid som ligg bak drifta.

– Hotell og reiseliv er eit heilt eige fag. Du er både ein økonom som driv ei bedrift med mange tilsette og store sesongvariasjonar, og ein eigedomsutviklar som eig og driv ein eigedom som skal vere attraktiv for gjestane. Det er ikkje lett, men utruleg spennande.