Hovudkonklusjonen til fagfolka frå Helse Bergen viser likevel at dei aller fleste undersøkte ikkje har fått alvorleg sjukdom etter Vest Tank- eksplosjonen.
Innbyggjarane i Gulen
etter . I dag blir .Les:
Luftvegsplager
- Dei fleste av innbyggjarane i Gulen og Masfjorden er friske. Men vi har funne ut at dei som bur nærast eller jobbar i Sløvåg har auka førekomstar av luftsveginfeksjonar. Så har vi og sett skilnader på nokre blodprøvar, fortel prosjektleiar for helseundersøkinga Bjørg Eli Hollund til NRK.
- Dei rapporterer litt meir tungpust og irritasjonar i hals og nase enn den gruppa folka vi har samanlikna dei med.
Usikre på årsaka
- Kor alvorleg er det?
- Det kan vere ting som går over av seg sjølv, men dette får vi sjå etter som tida går.
- Vi har berre gjort ei måling og vi har inge målingar frå før eksplosjonen. Vi kan difor ikkje seie så mykje om kor vidt det er eksplosjonen eller ei generelle forureining i Sløvåg som er skuld i luftvegsinfeksjonane. Men dette er forhold som vi kan sjå på seinare, forklarar Hollund til NRK.
Letta nabo
- Eg er letta over at undersøkinga slår fast at det ikkje er snakk om noko alvorleg og at vi vert følgt opp, seier ein av naboane til tankanlegget, Gjermund Halsvik.
Han seier rapporten som vart lagt fram i dag eit viktig steg for å få lagt bak seg ulukka.
Stressreaksjonar
Undersøkinga viser at det er skilnad mellom dei tre gruppene som er undersøkte når det gjeld symptom og funn frå luftvegar og blodprøvar. Ei gruppe på 37 personar hadde tydelege teikn på stressreaksjon med kjensler og tankar relatert til ulykka, for enkelte personar i vesentleg grad.
- Med bakgrunn i alle funna i undersøkinga, tilrår vi vidare oppfølging av folk som tidlegare planlagt, fortel Hollund.
(artikkelen held fram under TV-innslaget)
Helseplager
Innbyggjarane nær Sløvåg og arbeidstakarane i Sløvåg rapporterer å ha hatt fleire helseplager i samband med eksplosjonen enn dei som bur lenger borte. Begge kjønn rapporterer fleire helseplager siste 30 døgn enn dei som bur lenger vekke. Kvinnene som bur nær eller arbeider i Sløvåg har meir symptom på sår hals i dag enn andre.
Ikkje teikn til kreft
Det er utført ei undersøking av p53, eit protein som vert aktivert når det er behov for reparasjon av celler i kroppen, for eksempel for å hindre kreft.
- Førebels er halvparten av prøvane analyserte. Det er ikkje skilnad i p53 mellom dei som bur nær og fjernt frå Sløvåg. Dette betyr at det ikkje er teikn til celleforandringar av denne typen forårsaka av ulykka, fortel Hollund.
Arbeidstakarane i Sløvåg har høgare p53 enn dei andre gruppene. Dei som røyker har også ei slik endring. Det er høg førekomst av røykarar i arbeidstakargruppa, og det er mogeleg funna kan forklarast av dette, skriv Helse Bergen i ei pressemelding.
Over 700 undersøkte
Totalt 1016 personar vart inviterte til helseundersøkinga etter eksplosjonsulykka i Sløvåg mai 2007. Undersøkinga fann stad frå november 2008 til april 2009, og 734 personar møtte opp. Av desse var 227 kvinner, 382 menn og 125 barn under 17 år. Deltakarprosenten er på 72.
Deltakarane vart delte i tre grupper: Dei som budde nær Sløvåg, dei som budde fjernt frå Sløvåg og dei som arbeidde i Sløvågområdet. I den siste gruppa var også brannmannskap frå Bergen, Mongstad, Gulen, Masfjorden, ferjemannskap og oppryddingsmannskap med.
Resultata frå dei tre gruppene er samanlikna i etterkant.
.
I fjor slo Folkehelseinstituttet fast at
frå Sløvåg..
Økokrim har teke ut
etter eksplosjonen.