Normal

Fleire har varsla om djupe sprekker – no har den eine kravd liv

– Vi har fått bekymringsmeldingar om dette området, noko som er tatt vidare til kommunen, seier Espen Gulliksen i politiet.

Hornelen

SNØ OVER SPREKKEN: Spesielt på vinterstid er det mange som ikkje er klar over denne sprekken på toppen av Hornelen. Dette er eit bilete tatt i april 2015. Det er uvisst om det var denne sprekken kvinna fall ned i, men det er fleire djupe sprekker i området.

Foto: SVENN PETTER KJERPESET

Det var under ein fjelltur til turmålet Hornelen, som er Europas høgaste sjøklippe, at ei kvinne fall 30 meter ned i ein sprekk på toppen. Kvinna var på tur med ektemannen. Førebels kan ikkje politiet seie noko om årsaka til at ho fall ned i sprekken.

– Vi ser på dette som ei fallulukke. Pårørande hadde kontakt med kvinna ei stund etter at ho fall ned, før det blei stille. Då redningsmannskap fekk kvinna opp blei ho bekrefta omkomen, seier Gulliksen i politiet i Bremanger.

Han ønskjer kontakt med andre turågarar som kan ha sett ulukka eller har informasjon som dei meiner kan vere til hjelp.

Ferdselen til Hornelen i Bremanger kommune har auka mykje siste åra, og med planane om ein Via Ferrata, er det venta at den vil auke meir. På veg mot toppen av sjøklippa er det fleire sprekkar i fjellet som kan kome brått på. Ein av dei djupaste sprekkene ligg like til høgre for stien.

Sett spor av folk som har gått over sprekken

Ein som tidlegare har åtvara mot den djupe fjellsprekken på toppen er Svenn Petter Kjerpeset. Han trur fleire har vore i livsfare utan å vite om det.

Svenn Petter Kjerpeset

SKUMMELT OM VINTEREN: Svenn Petter Kjerpeset har tidlegare sett fotspor frå folk som har gått over ein djup sprekk om vinteren.

Foto: PRIVAT

– På vinterstid har eg sett fotspor i snøen frå folk som har gått rett over sprekken. Set ein opp merking, så vil det vere synleg både sommar- og vinterstid. Om sommaren ser ein sprekken, men på vinteren er det skummelt, seier han.

Kjerpeset legg vekt på at folk går på eige ansvar opp turen til Hornelen, men at blant anna meir informasjon kan gjere fjellturen tryggare.

– Informasjon er viktig, og vi ser det kan vere nødvendig med informasjon både når ein startar på turen, og når ein nærmar seg det farlege området ved sprekka, seier Kirsten Grotle, som er leiar i Keipen Turlag.

– Går fjellturar på eige ansvar

Bremanger kommune har ikkje planar om å merke området.

– Vi har ikkje gjort vurderingar av noko spesifikt område på Hornelen. På fjellturar går ein på eige ansvar. På alle nettsider og informasjonsskriv står det at turen er krevjande og til dels farleg, seier varaordførar i Bremanger kommune, Marius Strømmen.

Strømmen ser likevel ikkje vekk frå at nokre tiltak kan bli aktuelle.

– Informasjonstavle kan vere eit tiltak vi kan vurdere i lag med turlaget og andre myndigheiter. Det er mange turar som er farlege, men skal vi gjere tiltak på alle, så er det mykje anna vi må prioritere vekk, seier Strømmen.

Hornelen med hurtigruta

HØGASTE SJØKLIPPA I EUROPA: Hornelen har blitt til eit populært turmål.

Foto: Rolf M. Sørensen
Vegopning på Bergum i Førde kommune