NRK Meny
Normal

Fleire har lagt valkampen på hylla, men ikkje alle

Ein lang og intens valkamp er straks over. Ein politikar avslutta den høgt til fjells.

Høgre

HAMNANOVA: Ander Kristian Sægrov (H) tok med seg flagg på toppen av Hamnanova.

Foto: Anders Kristian Sægrov

Val

– Resultatet ser ut til å bli jamt i Sogn og Fjordane. Då er det for gale at valkampmateriell berre skal ligge i bilen, seier stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane, Anders Kristian Sægrov.

Han tok turen til fjellet Hamnenova dagen før dagen. Med seg hadde Sægrov flagg i fargane kvitt og blått.

– Dei kunne like greitt vaie i vinden på Hamnenova med utsikt mot heile Jølster, seier han.

Det var ikkje det store mengdene med usikre veljarar Høgre-politikaren møtte på. Den eine personen han trefte var senterpartist Steinar Dvergsdal.

– Han meinte det var ein lite sentral plass å stå på, ler Sægrov.

– Eg trur dei har kasta vekk mykje pengar

Høgre

LIKTE IKKJE TEKSTMELDING FRÅ Ap: Anders Kristian Sægrov (H) er blant dei som har irritert seg over tekstmeldinga frå Ap.

Foto: ANDERS KRISTIAN SÆGROV

Nokre parti gjekk hardare ut enn andre siste dagen før valet.

Fleire har irritert seg over Arbeidarpartiet som sende ut eit tekstmelding til 500.000 veljarar med oppmoding om å stemme på partiet.

– Eg ser ikkje noko gale i å drive valkamp på søndagen før valdagen. Det er viktig å minne folk på at dei må bruke stemmeretten på måndag. Det kritikkverdige ved meldinga til Ap er fokuset på politikken til Høgre og Frp.

Sægrov får støtte frå Framstegspartiet sin stortingskandidat frå Sogn og Fjordane, Britt Dalsbotten.

– Ap burde heller snakke om sin eigen politikk enn Høgre og Frp sin. Eg trur dei har kasta vekk mykje pengar på denne meldinga. Det ser ut til at den har vore meir til irritasjon enn nytte, seier ho.

Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet ser ikkje noko problem med tekstmeldinga.

– Eg ser på det som heilt greitt å sende ut ei sånn melding. Det viktige no er at folk brukar stemmeretten sin.

Torbjørn Vereide

GREITT MED TEKSTMELDING: Torbjørn Vereide (Ap) seier at tekstmeldinga frå Ap ikkje er problematisk. Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane brukar dagen før valet på nokre siste husbesøk.

Foto: Privat

Tar det roleg dagen før dagen

Fleire av partia har lagt mykje av valkampen på hylla før den store valdagen.

– Vi ladar opp til måndag. Fylkespartiet har ikkje planlagd noko spesielt i dag, seier partisekretær for Senterpartiet, Per Rune Vereide.

Det same gjeld Frp.

– Vi tar livet med ro, men er til stades på sosiale medium, seier Dalsbotten.