Hopp til innhold

Fleire hadde truleg reist til Utøya

Hadde det ikkje Malakoff Rockfestival på Nordfjoreid gått av stabelen på Nordfjordeid same helga, kunne langt fleire AUF-ungdommar frå fylket ha vore på Utøya.

Sorg etter terrorangrep, utvika camping søndag

DET UFATTELEGE: Mange har lagt ned blomar ved Tyrifjorden til minne om offera på Utøya.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / Scanpix

Fem medlemmar frå ungdomspartiet i Sogn og Fjordane var på AUF sin sommarleir under skytemassakeren fredag ettermiddag.

Fylkesleiar Hanne Kristine Fridtun (20) frå Stryn er framleis sakna, mens fire andre frå Gloppen og Flora kom frå det med livet i behald.

Lange AUF-tradisjonar

Fleire ungdommar avisa Firdaposten i Florø har snakka med, seier langt fleire ville ha tatt turen til Utøya, om det ikkje hadde vore for at Malakoff var same helga.

Flora har i ei årrekkje hatt det største og mest aktive AUF-lokallaget i fylket, og hadde potensielt mange deltakarar til Utøya-leiren.

Blir tekne hand om

To av dei fem frå fylket som var på Utøya er heimehøyrande i Flora.

Kommunelege 1, Jan Helge Dale, seier til avisa at han har hatt kontakt med begge Florø-gutane.

– Det er openbart at dette vil prege dei i lengre tid, seier Dale som oppmodar alle om å snakke om krisa.

Minnemarkering, Malakoff Rockfestival

MINTES OFFERA: Prost Rolf Schanke Eikum og festivalsjef Arnt Ivar Naustdal under minnemarkeringa på Malakoff laurdag.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Ps. Malakoff Rockfestival sette ny publikumsrekord med 7000 fredag og 8000 besøkande laurdag.

Etter meldinga om dei tragiske hendingane på Utøya og i Oslo la festivalen om til ei meir nedtona stemning og mintes dei omkomne med ei offisiell markering laurdag.