Hopp til innhold

Suverene Vedvik dunka til med rekord

EM-klare Marius Vedvik frå Førde knuste all motstand og sette ny meisterskapsrekord under junior-NM i friidrett i Fredrikstad i dag.

Marius Vedvik

SUVEREN SIGER: Marius Vedvik frå Førde sette ny meisterskapsrekord med 14,03 på 5000-meteren under junior-NM i friidrett fredag.

Foto: Rune Helle

Dermed tok Vedvik, som spring for Gular i Bergen, heim det første gullet til Sogn og Fjordane under årets meisterskap for junior.

I klassen for menn under 22 år, parkerte han motstandarane fullstendig og sette ny meisterskapsrekord på 5000-meteren med tida 14,03.

Om få dagar setjer Vedvik kursen for Zürich og EM i friidrett for senior, og han føler at han er i godt slag. Sjølv om nivået på langdistanse i Europa er bra for tida, og han neppe kan rekne med å kjempe heilt i toppen på sin favorittdistanse, 10.000 meter.

For to år sidan debuterte han på 10.000 meter med tida 30.25. Tidlegare i sumar klarte han A-kravet til EM med tida 28.48.

– Det blir eit heilt anna nivå. Eg har den 27. beste personlege rekorden av 28 løparar. Samstundes er eg den nest yngste løparen. Det vert tøft å hevde seg, men det er mange som er omtrent på same nivå. Eg skal springe så fort som mogleg, og ein veit aldri kva som skjer i meisterskap, sa Vedvik til NRK denne veka.

I junior-NM i Fredrikstad blei det også medalje til Vanessa Sunde Hoel frå Gloppen friidrettslag, som tok ei flott bronsemedalje i kulestøt Lengste støtet var 11,86 m.

Vanessa Sunde Hoel

BRONSEJENTA: Vanessa Sunde Hoel frå Gloppen friidrettslag, tok bronse i kulestøt.

Foto: Rune Helle
Marte Rygg Årdal

GULLJENTA: Marte Rygg Årdal tok sigeren i slegge i klassen jenter 22, med eit resultat på 59,21.

Foto: Nils Ove Roset